I morgon etablerer Kystverket offisielt Florø losstasjon med to statsloser på kontinuerleg vakt. Ordninga skal prøvast ut i to år.
Etter nøye vurderingar er Florø vald som en god lokalisering for ein ny losstasjon i Sogn og Fjordane. Kystverket ønskjer å auke servicegrada, kvaliteten og betjeningsevna for hamnene i Nordfjord og Sunnfjord.
I 2007 vart det registrert over 840 losoppdrag i det som vil vere verkeområdet til losstasjonen, og Kystverket forventar ein trafikkauke dei neste åra grunna industriutviklinga i området. Det geografiske dekningsområdet til losstasjonen vil bli Ålesund i nord til Korsfjorden i sør med tilstøtande fjordar og stader.
- Nærleiken til brukarane er viktig. Ved å opprette ein losstasjon i Florø vil vi både effektivisere bruken av lostenesten og auke servicegrada til skipstrafikken. Dette vil vi gjere ved å redusere ventetida på los som i dag må hentast frå Bergensområdet eller Ålesund, seier statslos Kjell Atle Djupevåg i Kystverket, som sidan august 2007 har vore prosjektleiar for Florø-etableringa.
Under prøveordninga vil statslosar frå Bergen, Viksøy og Fedje som har sertifikat for området bemanne Florø losstasjon. Skyssbåten MS ”Sea Service” er innleigd som losbåt.
Lokaliteten for losstasjonen er ikkje bestemt, og Kystverket sonderer no marknaden i Florø-området etter ein aktuell beliggenheit. Statslosane nyttar difor midlertidige lokale inntil vidare.
Nye kommentarar