FLORØ: Brørne Hellevang skal bu saman på ein seglbåt i eit heilt år.
Arnt Harry Hellevang frå Florø hadde ikkje sett føtene i ein seglbåt før i fjor vår. No skal han mønstre på båten til broren Sten Ingve, og segle med han i eitt år. I juli seier dei farvel til venner og slekt.
Planen er å segle til Las Palmas og delta på ARC-regattaen som startar kvart år i slutten av november.
Tempest
Sten Ingve Hellevang blir kaptein om bord i 36-fotaren "Tempest", som han kjøpte i fjor. Han har hatt båt det meste av dei ti åra han har jobba som automasjonsingeniør i Oslo.
Les om førebuingane, blogg, kven som skal mønstre på med meir her: Segltur.no
Perm og eventyr
Brørne er på mange måtar i ein ideell posisjon for å kunne ta laus på eit større eventyr. Dei har ikkje ungar, og vil begge ha ein jobb å komme tilbake til i 2009. Arnt Harry Hellevang var ute i god tid for å få permisjon frå jobben i Sønnico. Arbeidsmarknaden er streng, så det blir ikkje lett for bedrifta å finne erstattar.
– Eg håper å komme tilbake med nye kunnskapar og god motivasjon til å halde fram eit vanleg 8 til 4 liv, seier han.
www.segltur.no er heimesida til seglbåten "Tempest" og mannskapet.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar