Sogn og Fjordane Bustadbyggelag A/L har kjøpt eigedommen Markegata 46/48 i Florø av Stein Strømsnes. Dei reknar med byggestart til sommaren.
– Vi har kjøpt eit ferdig prosjekt som vi med ein del mindre endringar ønskjer å utvikle, fortel dagleg leiar Otto Wiger i ein samtale med Firdaposten.
Andre i Flora
Sogn og Fjordane bustadbyggelag har nyleg gjort ferdig bustadprosjektet ved Kanalen, og dette blir det andre prosjektet deira i kystbyen.
Han fortel at dei har kjøpt prosjektet på fritt grunnlag, og kan bygge som dei vil.
– Blir det store endringar?
– Strømsnes har vore flink med dette prosjektet, så vi kjem nok i hovudsak til å bruke det som det er. Største forandringa blir i toppetasjen. Der er innteikna ein uteplass som vi vil nytte til husvære. I staden kjem vi til å lage ein felles uteplass på toppen, seier Wiger.
Byggestart i sommar
– Korleis går det fram?
– Vi skal justere prosjektet over jul, og går deretter ut med tilbodspapir. Vi reknar med byggestart til sommaren, og 14– 15 månaders byggetid.
– Blir det burettslag?
– Om det blir burettslag eller sameige, har vi ikkje avgjort. Buforma er i praksis den same. Største skilnaden er finansieringa. I burettslag tek ein opp felleslån med husleige. I sameige finansierer den enkelte sin del, forklarer Wiger.
75–110 m2
Han kan førebels ikkje seie noko om kostnad.
– Vi har betalt seljaren for tomta og utviklingsarbeidet. Så vil tilboda vise kva totalkostnaden vil bli, seier Wiger til slutt.
Det skal byggast husvære i diverse storleikar mellom 75 og ca. 110 kvm. med store terrassar. Alle får kvar sin parkeringsplass i underetasjen.