Kan redde Flora-utbygginga

Fylkesrådmannen har kome med eit forslag som kan sikre utbygging av Flora Vidaregåande skule.

Publisert 07.12.2007 kl 13:42 Oppdatert 07.12.2007 kl 14:06

Tips ein venn på e-post:


Sogn og Fjordane Fylkeskommune sparar 10 millionar kroner årleg på det nye snøggbåt-anbodet til Fjord 1 Fylkesbaatane. På denne måten kan ein finansiere kostnadene ved Flora vgs. på 102 millionar.

- Pengane vi sparar gjer at vi klarar å finansiere ei utbygging i Flora. Det seier fylkesrådmann Jan Øhlckers om sitt eige forslag til NRK Sogn og Fjordane.

Det har vore kraftige reaksjonar i Flora på at fylkespolitikarane utsette oppstart av ny vidaregåande skule i kystbyen. Men gjer dei alvor av Øhlckers sitt nye framlegg blir det likevel byggestart i 2009/2010.

- Dette er jo ei gledeleg melding. No kan vi kome i gang om kort tid og bli ferdig med alle tre byggjestega i løpet av overskueleg framtid, seier rektor Odd Standal ved Flora vidaregåande skule til NRK.

No er det opp til fylkespolitikarane å vedta eller ikkje vedta forslaget frå Øhlckers.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Dette skiltet er lovlig

Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.