FLORØ: Edith Aarebrot Madsen i Sogn og Fjordane Høgre krev byggestart på Flora vidaregåande skule allereie neste år.
Reaksjonane frå administrasjon, lærarar og elevar har vore massiv sidan fylkesrådmannen stoppa byggeprosjektet ved Flora vidaregåande skule. Auka byggekostnader gjorde at fleire prosjekt vart skrinlagde frå fylket si side, og starten på prosjektet i Florø ville først komme med i prioriteringa i perioden 2012-2015.
Fylkesadministrasjonen berre trekte på skuldrane sist dei var i Florø. Dei var tydelege på at utsetting var det einaste mogelege om ikkje politikarane sytte for utvida rammer.
Uaktuelt
Edith Aarebrot Madsen frå Høgre har vore klokkeklar og har utelukka forslaget frå administrasjonen.
– Å vente med utbygging til 2012 er heilt uakseptabelt, seier ho og skisserer eit forslag ifrå Høgre si gruppe der det er lagt inn byggestart i 2008.
20 millionar i 2008
– Vi har 5,5 millionar i overskot på disposisjonsfondet som ikkje er nytta i år. Desse kan vi låne på, noko som gjer at vi kan legge inn 20 millionar i Florø for 2008. Deretter har vi på plass 42 millionar i 2009, 20 millionar i 2010 og 25 millionar i 2011, seier ho. Aarebrot Madsen som sit i opplæringsutvalet, kjenner godt til at Sogndal vgs. også har store behov for utbetring, men meiner dette må gjennomførast stegvis.
Aarebrot Madsen har støtte frå både KrF og Frp i opplæringsutvalet, og det er berre oppbacking ifrå Arbeidarpartiet som skal til for at arbeidet kan startast opp i 2008.
Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir
Nye kommentarar