Over 500 marsjerte for skulen

FLORØ: Kampklare og sinte gjekk over 500 elevar frå Flora vidaregåande ut i gatene torsdag og kravde pengar til skulerenovering.

Publisert 29.11.2007 kl 13:32 Oppdatert 29.11.2007 kl 20:14

Tips ein venn på e-post:

...
Miriam Hestenes Eika leia aksjonen. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Aksjonerer for skulen sin

...

500 elevar frå Flora vidaregåande gjekk torsdag i demonstrasjonstog mot fylkespolitikarane si manglande vilje til å løyve pengar til utbetring ved skulen.

Sjå bilde her

Etter å ha fyrt kvarandre skikkeleg opp inne i gymsalen, starta protesttoget til vidaregåande-elevane i Florø. Med tindrande klare parolar og klare meldingar til fylkespolitikarane om at dei må halde løfta sine, gjekk toget frå skulen og mot sentrum.

Som ein gest til andre truga prosjekt i byen, svinga det lange protesttoget innom Nærsjukehuset, før dei inntok Strandgata og Rådhusplassen.

Og tidspunktet er ikkje tilfeldig. Denne veka pågår ein landsdekkjande aksjon der elevar set fokus på dårleg arbeidsmiljø i norske skular. At dette fall saman med fylkespolitikarane sin heilomvending når det gjeld midlar til renovering i Florø, gjorde ikkje kamplysta til elevane mindre.

– Vi gjer ikkje dette for moro skuld. Utdanninga og framtida vår avheng av gode arbeidsvilkår og læremoglegheiter. Vi føler problema på kroppen kvar einaste dag, slo elevrådsleiar Miriam Hestenes Eika fast i sin appell.

Saman kravde elevane at byggesteg 1 kjem i gang allereie i inneverande fylkestingsperiode.

– Det vil i det minste føre til at dei mest prekære manglane blir tekne hand om, sa elevrådsleiaren.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Rystet over bom-press

Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.