FLORØ: Elevane på Flora vidaregåande skule vil ha meir plass og meir pusterom. – Vi er forskrekka over det som skjer, seier elevrådsformann Fredrik Helland
.
Når fylket no vil leggje utvidinga av skulen på is, står elevane saman med lærarane bak oppfordringa til fylkespolitikarane.
Skuffa
– Vi er 550 elevar som blir veldig skuffa viss fylkesrådmannen sitt råd blir ete av politikarane. I så fall snik Sogndal i køen, seier elevrådsformann Helland. Han er redd for at tilhøva går ut over læringa og eksamensresultata.
– Flora har igjen kjempa forgjeves om midlar, utan å få noko. Talet på rom står ikkje i stil med elevtalet, og romma er for dårleg ventilerte.
Lange køar
Ordet plassmangel går igjen når elevane skildrar korleis det er å gå i såkalla storklasse med 60 elevar.
– Spesielt kantina viser at skulen ikkje er laga for 500 elevar. Køen pleier å strekkje seg langt ut av sjølve kantinelokala, og inne i kantina er det alltid fullt. Men for oss elevar er kulden om vinteren og varmen om våren det verste. Elevar frå andre tettstader i fylket er sjokkerte over at skulen er så nedsliten.
Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir
Nye kommentarar