– Private må få overta sjukehuset

FLORØ: Frp-politikar Audun Hammerseth visste Nærsjukehuset i Florø ville ryke då det ikkje låg øyremerkte tilskot i statsbudsjettet. No meiner han helseføretaket må legge til rette for privat drift.

Publisert 29.10.2007 kl 19:40 Oppdatert 29.10.2007 kl 19:53

Tips ein venn på e-post:

...
PRIVAT OPNING: Audun Hammerseth i Flora Frp meiner at manglande øyremerka tilskot i statsbudsjettet, gjer regjeringa til fødselshjelpar for ei nedlegging av Nærsjukehuset. No vil han ha forholda lagt til rette for ei privat eller kommunal overtaking. Foto: Olav Hatlemark
...
Foto: Torgeir Sæverud Higraff

Hammerseth er tydeleg på at om Nærsjukehuset no blir lagt ned, må bygg og tomt seljast for ein symbolsk sum til kommunen eller private aktørar. Det var slik Helse Førde overtok sjukehuset frå fylkeskommunen då helseføretaket vart oppretta. Kutt i sengeposten i Florø meiner han går mot utviklinga i samfunnet.

– Rehabilitering er noko vi ikkje kan bygge ned i dette fylket slik Helse Førde no er i gang med. Rehabilitering er eit område vi snarare har større behov for i Florø, Lærdal og Eid og distriktet elles i framtida, så kan heller spesialistavdelingane ligge i Førde, slår Hammerseth fast.

Regjeringa står bak

Hammerseth var tidleg ute med å påpeike at ei satsing, eller vilje til å drive, kjem til syne ved øyremerkte tilskot i statsbudsjettet.

– Denne regjeringa kjem til å godkjenne nedlegginga av Nærsjukehuset, noko som er ein sti Helse Vest og Helse Førde no har trakka lenge nok, kjem det frå Frp-politikaren.

Han peikar òg på det ubegripelege i at regjeringa ikkje klarer å oppretthalde eit nærsjukehus når tre ministrar og leiaren i finanskomiteen er frå fylket. For slik han ser det er Helse Førde pressa opp i eit hjørne for å treffe sparetiltak.

– Useriøst

Men dette betyr ikkje at han meiner arbeidet i styret har vore godt. Faktisk til tider useriøst, skal vi tru Hammerseth.

Han er sjokkert over styreleiar Clara Øberg si handtering av informasjon i saka der dei tilsette vart informerte om nedleggingsvedtaket gjennom media.

– Det er ikkje berre klanderverdig, det verkar direkte useriøst når det kjem frå ein styreleiar i eit helseføretak, tordnar Hammerseth og krev at Øberg går frå stillinga si.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.