- Nedlegging i Florø er ikkje godkjent av Helsedepartementet. Eg har snakka med dei i dag, og dei har ikkje sagt ja til Nærsjukehus- avvikling. Dei har ikkje vore i kontakt med Helse Førde i det heile, seier Flora- ordførar Bente Frøyen Steindal, som meiner styreleiar Clara Øberg no bør gå.
Bente Frøyen Steindal har vore i kontakt med helse- og omsorgsdepartementet etter at Helse Førde fredag morgon annonserte at dei ville leggje ned sengeposten i Florø. Helse Førde hevdar dei har fått klarsignal frå eigar Helse Vest til avvikling.
- Helsedepartementet seier at dei ikkje har hatt noko med saka å gjort. Dei har ikkje sagt ja til nedlegging, og det er ingen i departementet som har blitt kontakta og kjenner til dette. Dei har ikkje hatt kontakt med verken Helse Førde eller Helse Vest, fortel Flora- ordføraren.
Ho har også kontakta Helse Vest.
- Saka er ikkje handsama i Helse Vest- styret. Dei har ikkje godkjent nedlegging. Så eg skjønner ikkje at Helse Førde no trur dei kan legge ned. Dette føyer seg inn i rekka over korleis det har vore for Flora kommune å samarbeide med Helse Førde. No meiner eg at styreleiar Clara Øberg bør gå av!
Helse Førde kan ikkje leggje ned i Florø utan godkjenning frå både styret i Helse Vest, og frå departementet.
Ordføraren meiner at Helse Førde har motarbeidd Nærsjukehuset frå dag ein.
- Vi skulle jo ha dialog og samtalar om vidare drift av sjukehuset, og Helse Førde skulle kalle oss inn til møte. Det har dei ikkje gjort. Vi har sendt brev til dei for fleire månader sidan, som vi ikkje har fått svar på. Det fortel litt om arbeidsmåtane deira!
- Så direktør Jon Bolstad bør heller ikkje site trygt i stolen sin lengre, legg ho til.
Ordføraren reiser til Helse Førde for å delta på dagens styremøte.
- Eg jobbar det eg kan for saka, lovar ho.
Firdaposten følgjer saka. Tips oss på tlf. 577 57300
Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir
Nye kommentarar