Floraordførar Bente Frøyen Steindal rasar mot Helse Førde-leiinga, etter at dei tilsette på Nærsjukehuset via media i morgontimane fredag fekk beskjeden om at sengeposten ved Nærsjukehuset skal leggjast ned.
- For det første vil vi sjølvsagt bestride og kjempe mot dersom Helse Førde-styret i dag vedtek å leggje ned delar av Nærsjukehuset med Helse Vest si velsigning. Men eg opplever det som direkte utidig at dei tilsette ved Nærsjukehuset skal få denne meldinga via media på morgonkvisten - utan noko form for intern varsling frå Helse Førde, seier ein tydeleg sinna Flora-ordførar.
I dag har ho avlyst deltakinga på Temposeminaret og set kursen mot Førde for å sitje på tilhøyrarbenken under styremøtet i Helse Førde.
Der vil ifølgje firda.no styreleiar Clara Øberg leggje fram forslag om å stengje sengeposten i Florø for å spare pengar. Og det nye er at ho no ligg an til å få Helse Vest si velsigning. Samtidig er det ikkje meir enn eit par veker sidan Helse Vest-styreleiar Herlof Nilsen slo fast at innsparingane i Helse Førde må skje utan å røre sjukehusstrukturen i fylket.
- Eg er også sterkt kritisk til at Helse Førde ikkje varslar Flora kommune på ein betre måte. Vi er trass alt samarbeidspartnarar og betaler millionar årleg for drifta, seier Steindal til Firdaposten.
- Trur du Helse Førde vil kunne spare 20 millionar kroner på å leggje ned i Florø, slik dei sjølv hevdar er mogleg?
- Nei. Og det er det som er det trasige: Alle tal viser at ein driv effektivt i Florø. Når Bolstad viser til at pasientar i snitt har for mange liggedøgn i Florø, blir det neste komisk. Mange av menneskja som ligg på Nærsjukehuset, er sende hit frå Førde fordi dei er rehabiliteringspasientar som naturleg nok treng lengre liggetid. Sett på spissen kan du seie at det er Helse Førde sjølv som bidreg til den negative statistikken i Florø, seier Steindal.
Helse Førde-styret vil truleg gjere framlegg om nedlegging av sengeposten, sal av bygningsmassen og samtidig drive vidare ein poliklinikk i Florø i leigde lokale. Det skjer i så fall på styremøtet som startar i Førde klokka 10.30 fredag.
Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir
Nye kommentarar