Bowling- øl heile dagen

Flora bystyre har vedteke at bowlinghallen kan skjenke øl og vin i heile opningstida.

Publisert 24.10.2007 kl 20:21 Oppdatert 24.10.2007 kl 20:21

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Svend Arne Vee
...
KVELDSTID: Det var Trond Ramstad Olsen som i bystyret presenterte framlegget om å avgrense skjenkinga i bowlinghallen til kveldstid. Foto: Harald J. Stavang

Mindretalet med Venstre og Trond Ramstad Olsen i spissen ønskte å avgrense skjenkinga til kveldstid etter klokka ni.

Dermed drog det seg til ein halvannan times alkoholdebatt av godt gammalt merke i bystyret tysdag.

Ramstad Olsen meinte saka ikkje handla om skjenking og restaurantdrift i vanleg forstand.

– Bowlingen er blitt ein suksess, og mange barn og unge går der. Eg synest ikkje dette er nokon særleg god kombinasjon, sa han og viste til Bergen der dei hadde valt å kutte ut skjenkinga.

Vore i tvil

Det var ein viss spenning då Audun Hammerseth (Frp) tok ordet, då han tidlegare har vore skeptisk til servering i hallen ut frå liknande syn som Venstre.

– Ja, eg har vore i tvil, men etter å ha samsnakkast i gruppa, er vi samde om at Bowling 1 bør få løyve. Alkoholpolitikken i Flora skal drøftast for ein ny periode til sommaren. Då har Bowling 1 åtte månader med argusauge på seg, og eg tenkjer dei styrer det med ansvar, sa han.

Bowlinghallen fekk til slutt løyve, mot 12 av 35 røyster.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.