BRANDSØY: Snart får leirdueskyttarane til Flora Jeger- og fiskerforening vite om dei får bruke steintaket i Botnastranda til mellombels leirduebane.
| Olav Hatlemark | |
| Publisert 21.09.2007 kl 14:46 Oppdatert 21.09.2007 kl 14:50 |
Politiet er positive. Det er også fleirtalet av dei naboane som er spurde. Men alle partar stiller som krav at bruken blir mellombels til det nye skyteanlegget blir tilgjengeleg på Grov. Dei stiller også krav om at skytinga berre skal gå føre seg til bestemte tider.
Mellombels
Begge desse vilkåra er òg presiserte i søknaden til Flora Jeger- og fiskerforening, forsikrar leiar Otto Åge Bergstrøm. Han fortel at dei i utgangspunktet har tenkt at steintaket skal brukast tre timar eit par dagar i veka i sommarmånadene med unntak av sjølve sommarferien. Han fortel òg at det er gjennomført prøveskyting i området for at naboane skulle få eit inntrykk av støyen.
Ein av fem spurde naboar i området vil ikkje ha skyting i det heile i grustaket. Ein annan godtek skyting, med unntak av i helgane. Dei tre andre naboane er positive. Eigaren av området, Sogn og Fjordane Skogeigarlag, vil gjerne leige ut steintaket.
God tryggleik
Politiet, ved politistasjonssjef Nils Erik Eggen, har allereie gjeve si godkjenning. Generelt meiner han at området eignar seg godt, og at tryggleiken er godt ivareteken med topografien som er her.
Eggen presiserer likevel at det blir viktig med god merking fordi ein kan rekne med at turgåarar sporadisk kan komme inn i området.
Har butikkane i Florø dårleg service og for lite vareutval, eller er utvalet dårleg fordi florøfolk ikkje handlar lokalt? Debatten går på Firdaposten.no!
Les meir og delta i debatten!Kampstart om:
Motormagasin Å eie bil kan bli dyrt og kan by på bekymringer. Derfor velger mange leasing. Men hva lønner seg egentlig – eie eller leie bil? Les meir
På Firdaposten.no kan du følgje skipstrafikken i ytre Sunnfjord.
Sjå skipstrafikken LIVE her!Kampen om arealet 23.08.2010 - 18:40
Nye kommentarar