Eivind Stavang blei norsk meister på 110 meter hekk laurdag.
Endeleg kan florøguten som nektar for å vere eit sprinttalent, kalle seg Norges beste på korthekken. Under NM i Askim laurdag viste han at bronsemedaljen frå i fjor ikkje var noko tilfeldigheit.
- Endeleg! Eivind har kjempa for gull i mange år, og dette er hans første NM-siger utandørs, seier Rune Osa på telefon frå Askim.
- Men det var eit lurveløp som han sa sjølv, og ikkje hans beste, legg han til.
Eivind Stavang, som i alle år har hevda at han er eit talent til å trene, og ikkje noko naturbegavelse til å sprinte, slo til då det gjaldt som mest i Askim laurdag. Han makta å halde konkurrentane bak seg heile vegen, og sjølv om vinnartida (14.76) ikkje blei den aller beste, så betyr det lite når ein spring om norgesmeistertittelen.
Florø Turn & Idrettsforening kan dermed føre nok ein Norgesmeister til lista si. Sist gong FT&IF kapra NM-tittel var i 2004, då styrkeløftar Jørn Høyset tok heim NM-gull og kongepokal.
Kim Leirvik og Ann Merethe Vågane var også i elden under NM laurdag.
Leirvik hamna på 5. plass i stavkonkurransen med 4 meter blank.
- Han var ikkje nøgd, men det var ok, og han er på gong att. Han har vore skada i ei tid, noko som har sett han tilbake, seier Osa.
Ann Merethe Vågane tok ein 6. plass i slegge med 43,54 meter.
- Ho var rimeleg godt nogd, seier Osa.
Motormagasin Nye avgifter har liten virkning så langt. Se hvilke biler som selger mest akkurat nå. Les meir
Nye kommentarar