BERGEN: Det er høgsesong for studentar som skal finne seg bustad, og mange Sogn og fjordingar skal flytte til Bergen for å finne lykka. Då kan Bergenstudenten.no vere behjelpeleg.
Leigemarknadsundersøkinga (LMU) 2007 frå SSB viser at jo større tettstaden eller byen er, jo høgare er prisen for leigetakaren. I små tettstader slepp leigetakaren med 3186 kroner for ein gjennomsnittleg toroms og 3693 kroner for ein gjennomsnittleg treroms utleigeleiligheit.
Bergenstudenten.no si erfaring er at tilsvarande leilegheiter i Bergen kostar opp mot det dobbelte.
– Vi står klare til å hjelpe dei som har vanskar med å finne ein stad å bu, seier Frode Singstad, bustadrådgjevar i Bergenstudenten.no som er ein gratis bustadrådjevningsteneste som er finansiert av Bergens studieinstitusjonar.
– Mange ringer for å spørje kor det er fint å bu, medan andre har juridiske problem. Vi hjelper med alt. I tillegg går vi på visningar for studentar som ikkje sjølv kan komme til Bergen, avsluttar Singstad.
Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir
Nye kommentarar