...
Heros And Zeros Foto: Pressefoto: Jan Alsaker

Stjerneskotet Heroes & Zeros

FLORØ: FotballFlora-aktuelle Heroes & Zeros har fått ein ny sommar etter at dei vann både Urørt og Zoom i 2006. Ifølgje seg sjølv kan dei også spele fotball.

Publisert 10.07.2007 kl 07:52 Oppdatert 12.07.2007 kl 08:27

Tips ein venn på e-post:


-Det er første gong vi spelar på eit fotballarrangement. Det gler vi oss til, seier trommis Arne Kjelsrud Mathisen til Firdaposten. Han utgjer ein tredjedel av Heroes & Zeros som er eitt av dei nye stjerneskota på den norske rockehimmelen.



Vann Urørt og Zoom


Lillesandgutane fekk sitt store gjennombrot då dei vart Urørt- og Zoomvinnarar i fjor. Det førte til turné og radiospeling. Ein skal ikkje ha høyrt mykje på radio det siste året før ein har fått med seg hittane «Cellophane» og «Into The Light». Bandet har fått gode kritikkar for EP'en «Circles» og den nye full-lengdaren «Strange Constellations». Det har også blitt fart på turnésommaren.

Festivalsommar


-I år skal vi spele på 16 festivalar. Det er omtrent det dobbelte av i fjor. Det blir som ein fast sommarjobb. Det er ingen dum sommarjobb, forklarer Mathisen.

Han seier Zoom-sigeren var veldig viktig for bandet.

-Zoom-turneen har eit kvalitetsstempel. Det er gode band som har vore med før. Radiospelinga var òg viktig. Saman gjorde det at vi raskare fekk eit slags gjennombrot, forklarer trommisen.

-Mykje lyd


Mathisen seier florøpublikummet kan forvente mykje lyd, og at songane ikkje nødvendigvis er akkurat som på skiva når dei entrar scena i Florø.

-Musikken vår er i indiesjangeren, men med eit større lydbilde. Live er vi likt &And You Will Know Us by the Trail of Dead, seier Mathisen. Heros & Zeros har også blitt samanlikna med band som Motorpsycho, Radiohead og Flaming Lips.

Tottenham


Delar av bandet er i alle fall interesserte i fotball.

-Lars og eg håpar å få med oss ein kamp. Hans-Jørgen skal sikkert lese ei bok eller noko.

-Er Heros & Zeroes gode i fotball?

-Vi spelar ein del fotball når vi er på turné. Vi spelte på same festival som My Midnight Creeps. Då snakka vi om at vi i alle fall var betre i fotball enn dei. Men vi er ikkje Liverpool-fan. Det er Tottenham som er laget.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

300 har kjøpt den – usett

Motormagasin VW nye småbil starter på 123.400,- Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.