Utfordrar damer til Vetenløpet

BREMANGER: Førebels har rundt 200 meldt seg på Vetenløpet til helga. No utfordrar løpsleiar Kirsten Grotle fotballspelarar og damer i 40-åra om å melde seg.

Publisert 04.07.2007 kl 08:31 Oppdatert 04.07.2007 kl 14:40

Tips ein venn på e-post:

...
Menn er det mange av. No etterlyser arrangøren fleire damer mellom 40 og 50 i konkurranseklassen. Foto: Annbjørg Hauge Nygård

Odd-Bjørn Hjelmeseth har hittil sanka førsteplassane i konkurranseklassen i dei to føregåande åra Vetenløpet har vorte arrangert. I det tredje leveåret til løpet, som går frå Grotlesanden til toppen av Veten, stiller han óg.

- Eg såg i Bergens Tidende at han hadde kvelva på sykkel, men vi har enno ikkje fått nokamelding om at han ikkje skal kome, seier løpsleiar Kirsten Grotle.

Det er knytt mykje spenning til kor hard konkurranse han kjem til å få i skiskyttartalentet Tarjei Bø - men Grotle har ei anna problemstilling for auga.



Utfordring


Etter å ha gått gjennom påmeldingslistene sine har ho funne holrom.

- Vi ligg godt an når det kjem til påmelde, men eg ser at vi nesten ikkje har nokon damer mellom 40 og 50 i konkurranseklassen, seier Grotle.
Medan det tidlegare var fleire i denne aldersklassen, er det no berre éi frå Florø. I år er det ope for løparar heilt ned til 15 år å vere med, men òg blant desse er det tynt i rekkene.

- Eg vil gjerne utfordre fotballspelarane i Bremanger og damene på rundt førti til å melde seg, fortel Grotle, som nesten i same vending utfordrar journalisten til å melde seg òg.

Medaljar


I fjor måtte arrangøren ettersende medaljar til vinnarane av Vetenløpet. Dette har dei ikkje planar om å ta i reprise.

- Då kom medaljane for seint, men i år har vi allereie fått dei.

Dei siste detaljane kring løpet er enno ikkje fastspikra, men ei form for underhalding vert det.

- Ved foten av bakken har vi nokre som skal spele toradar. Det var snakk om at nokon skulle synge, men vi veit ikkje heilt sikkert enno. Men ei eller anna form for ablegøyer vert det, stadfestar løpsleiaren, som sjølvsagt stiller sjølv.

- Deltakarane må berre vere budde på at sjølv om vêret er fint ved startstreken, er fjellet lunefullt. Forholda skifter fort.

Så langt ligg talet på deltakarar over kva det var på same tid i fjor.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Må reise mer kollektivt

Motormagasin Antallet kollektivreiser må dobles til en milliard i året for å unngå trafikkaos i de største byene i Norge. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.