Majestetisk utkantfestival

Når kunst, foto, musikk og gjøgleri møtest på den første Utkantfestivalen i Gulen, er sjølv «Kong Olav V» invitert.

Publisert 22.06.2007 kl 18:44 Oppdatert 22.06.2007 kl 18:48

Tips ein venn på e-post:

...
Børge Bjerck, Per Vidar Ottesen, Barbro Paepenmøller og Ola Braanaas. Foto: Mikael Eldiev

Til Utkantfestivalen i Gulen første helga i august har kjøparen av bilethoggaren Knut Steen sitt omstridde Kong Olav V-monument, Ola Braanaas, sett saman eit tettpakka program. Børge Bjartmann Bjerck, Oddvar Torsheim, Nora Brockstedt og Transjoik er berre nokre av bidragsytarane til den folkelege festivalen.

Hovudarrangementet laurdag vert toppa med avduking av kongemonumentet. Årets arrangement har passande nok fått namnet «Heilt konge!».



Vert sendt på bursdagen


Når eit monument av denne storleiken skal plasserast på ei høgd ved Skjerjehamn, må arrangørane ty til finurlege løysingar.

- For å lage ein veg opp til der skulpturen skal stå, dumpar vi 300 kubikkmeter med pukkstein, slik at kranene får løfta monumentet på plass. Etterpå må vi fjerne alt saman att, for så å dekke til med torv, fortel Ola Braanaas.

Den forsteina majesteten vert sendt frå Italia 2. juli, som var fødselsdagen til Kong Olav V sjølv.

- Han skal kvile i ei veke før han gjenoppstår i Gulen, skyt Per Vidar Ottesen frå Florø Rockeklubb inn.

Ventar 3 000


Rockeklubben står ansvarleg for det tekniske, samt booking av artistane til festivalen. Ottesen spår at dette sannsynlegvis er årets mest interessante kulturfestival.

- Vi reknar med i alle fall 3000 festivaldeltakarar den helga. Med eit amfi med sjøen og musikk som vert spelt opp mot kongen, solnedgang og dei omgjevnadene, vert dette ei oppleving av dei sjeldne, seier Ottesen.

At statuen får ei betre plassering enn på Rådhusplassen i Oslo, der den opphavleg var tenkt, er han i alle fall ikkje i tvil om.

- Kulturelt er dette det største som skjer i Sogn og Fjordane, held han fram.

Samarbeider


Skjerjehamn har kanskje aldri før hatt så mange personar samla samtidig. Om arrangørane får oppfylt ønsketenkinga om 3000 hovud, må mykje vere lagt til rette for deltakarane i forkant.

- Galeasen «Svanhild» kjem til å huse alle dei 20 artistane, som i utgangspunktet eigentleg ville ha enkeltrom. Då dei vart fortalt at dette var i utmarka, hadde dei ikkje noko imot løysinga, seier Per Vidar Ottesen.

Eit samarbeid med Fjord1 legg til rette for transport frå og til Florø, og det vert lagt til rette for tilreisande i privatbåtar. Billetten dekker alt som skjer festivalhelga.

Ei i rekka


Børge Bjartmann Bjerck stiller ut fotografia sine på to forskjellige utstillingar, og synest Utkantfestivalen er positivt for artist- og kunstnarmiljøet

- Denne sjansen Ola Braanaas gjev oss kunstnarar er vi veldig takknemlege for.

Skulptøren av kongemonumentet, Knut Steen, har òg gitt sine bidrag til kunstutstillinga den første dagen.

- Kjem dette til å verte ein årleg festival?

- Dette er berre ein av ei lang, lang rekke, konstaterer Ola Braanaas.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.