FLORØ: Gründer-programmet Huldra, som er kvinnesatsinga til næringshagane i Florø, Nordfjordeid og Sogn, har fått overveldande respons blant både potensielle deltakarar og aktørar i næringslivet i fylket.
Sogn og Fjordane si satsing på kvinnelege gründerar er i full gang. 16. april gjekk påmeldingsfrista for deltaking på programmet ut, og nær 60 ”huldrer” spreidd over heile fylket har meldt si interesse. Dei tre næringshagane i Årdal, Florø og Nordfjordeid er svært positivt overraska over den store interessa og har hatt ei vanskeleg oppgåve med å handsama påmeldingane, då berre 25 deltakarar kan få plass i programmet.
- Sogn og Fjordane er full av dyktige og drivkraftige damer med gode idear og verksemder med store vekstpotensiale, seier Marit Gjerstad i Flora Næringshage.
Interessa har ikkje berre vore stor blant kvinner som ønskjer å delta. Fleire verksemder rundt om i fylket har fatta stor interesse for dette prosjektet, og vil vere med å bidra i form av foredrag og forelesingar innan dei aktuelle tema som programmet berører.
- Det er ei overveldande interesse for prosjektet både blant deltakarar og andre aktørar som vil bidra til at delen av kvinnelege etablerarar skal auke i fylket, seier Marit Gjerstad.
- Det er skikkeleg artig og motiverande og få ein slik start på prosjektet. Vi gler oss til å kome i gang, legg ho til.
Dei tre næringshagane har og fått med seg Sparebanken Sogn og Fjordane som hovudsponsor. Dette er eit svært viktig bidrag til eit allereie stramt budsjett.
Synnøve Aabrekk i Nordfjordeid Næringshage, Marit Gjerstad i Flora Næringshage og Laila Hansen i Sogn Næringshage ser fram til å kome i gang med eit spanande program for dei kvinnelege gründarane, som går over fire samlingar. Startskotet går 15. – 16. juni med samling på Knutholmen i Kalvåg.
Motormagasin Nye avgifter har liten virkning så langt. Se hvilke biler som selger mest akkurat nå. Les meir
Nye kommentarar