Sparebanken Vest trør til med ei verdifull gåve til ein heldig vinnar under båtmessa: Eit rentefritt båtlån.
Under årets båtmesse bør du ta godt vare på inngangsbilletten din. Den fungerer også som eit lodd, der ein heldig vinnar som er på båtjakt kan få rundt to års rentefritak på ein lånesum på 400.000 kroner. Kva dag og tidspunkt sjølve trekninga skjer på, er ikkje heilt avklara enno, men det vil bli tydeleg annonsert under messa.
Merkar messa
– Vi har stor nytte av båtmessa, og då er det sjølvsagt at Sparebanken Vest også vil gi noko tilbake, seier banksjef Svein Bruheim.
Han fortel at interessa for båtlån blant bankkundane deira får eit markant oppsving kvart år i vekene etter Florevika Båtmesse.
Med båt i logoen
– Det er tydeleg at messa fungerer salsdrivande. Det er positivt både for arrangørane, utstillarane og for oss som bank. Vi har satsa mykje i Florø, og ønskjer å halde fram med å profilere oss som ein solid bank langs kysten. Når vi attpåtil har ein båt i logoen vår, skulle det berre mangle om vi ikkje støtta opp rundt eit godt tiltak som båtmessa, seier Bruheim, som lovar at banken vil vere godt synleg under messa.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar