FLORØ: Steinar Kleppe og Helle Nybø Waage var dei einaste utøvarane som fekk Friidrettens Venners ærespris under årsmøtet i fiidrettskrinsen i Førde forrige helg.
Æresprisen vert delt ut til leiarar, trenarar eller utøvarar kvart år. Det er klubbane som nominerer og leiinga i krinsen som deler ut prisen. Denne gongen gjekk den til dei to beste 18-åringane i fylket, Steinar Kleppe og Helle Nybø Waage.
-Ei ære
-Dette er ein ære. Det viser at dei
set pris på det eg gjer. Det er klart dette gir motivasjon til å halde fram,
fortel Kleppe som trenar hardt til neste sesong.
I fjor vann han
både UM og junior-NM i slegge. Helle Nybø Waage tok i sommar gull i UM i si
beste grein, tresteg. Ho tok sølv i i lengde.
Trenar i Florø
Turn og Idrettsforening, Rune Osa, er nøgd med at to frå klubben får
utmerkinga.
-Ja, det er klart at det er kjekt.
-Dette
er kanskje eit teikn på at klubben gjer noko riktig?
- Ja,
vi gjer noko riktig, smiler Osa.
Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir
Nye kommentarar