Investeringsselskapet til Bente og Sverre Stenbakk har gjort avtale om å kjøpe Trovikeigedomen i Strandgata. Planen er å bygge om dei gamle husa til forretning med bustader over.
– Vi har ikkje skrive formell kontrakt enno, men planen er å ta over så snart det er praktisk mogeleg, seier Sverre Stenbakk i ein samtale med Firdaposten på Jørund Trovik sitt kontor.
Handelen gjeld eigedomane Strandgata 21–21A, med fasade både mot ytre og indre Strandgata. Tomta er rundt 650 rutemeter, og på den står eit konglomerat av hus som er på- og ombygt fleire gonger over eit tidsrom på kring 120 år. Dagens eigedomar fekk si form etter den siste utbygginga av Kakebua i 1980.
– Kva vil de med eigedomen?
– Det er jo ein forretningseigedom i sentrum, og vi ser potensialet som ligg i at det kan byggast forretningar med fasade i to gateplan, eventuelt med ei rulletrapp mellom etasjane. Over forretningane er det mest naturleg å bygge om til husvære, seier Sverre Stenbakk.
Han ønskjer så langt det let seg gjere å ta vare på den karakteristiske fasaden mot Strandgata.
– Fasaden er unik og skapar eit historisk bilete av gamle Florø som vi gjerne vil vere med på å ta vidare. Truleg må det settast opp nytt i same stilen for å stette dagens krav til etasjehøgder, ventilasjon og brannsikring, seier Stenbakk vidare.
– Kan det bli aktuelt å vidareføre Kakebua i ei eller anna form?
– Kanskje; i ei eller anna form, som du seier. Eigedomen ligg sentralt i hamna med aukande båttrafikk, og eg ser ikkje bort frå at det kan kombinerast med forretningsdrift. Men alt dette ligg litt fram i tid, legg han til.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar