Nytt liv i Kalvåg dykkarklubb

KALVÅG: Den eldste er 55 år og den yngste 17. Dei har det til felles at dei svært gjerne vil utforske livet i sjøen. I helga gjekk dei på kurs.

Lokalpolitikk

...

- Overveldande oppslutnad

Lokalnytt Over 5000 lesarar var innom Firdaposten si live-dekking frå Flora bystyre. Firdaposten-redaktøren er overvelda over responsen. Les meir

Alf-Haakon Harlem
Publisert 26.02.2007 kl 18:03 Oppdatert 26.02.2007 kl 18:09

Tips ein venn på e-post:

...
RETT KURS: Dykkarklubben i Kalvåg arrangerte kurs i helga. F.v.: Harry Gulestøl (styremedleml, Fredrik Andal, Leif Rune Andal, Johnny Røys (styreleiar og kursassistent), Per Kåre Navekvien (kurslærar) og Svein Inge Fosse. Framme: Arvid Langeland og Rogier van Oorschot. Foto: Alf-Haakon Harlem

Etter at Kalvåg dykkarklubb har lege nede i årevis, har eit nytt initiativ blåst liv i laget. I helga deltok fem nye medlemer på eit intensivkurs der dei har lært dei grunnleggjande grepa.

Klubben hadde henta inn den erfarne dykkaren Per Kåre Navekvien frå West Dykkerservice i Måløy som instruktør, og under leiinga hans gjennomgjekk dei fem den teorien og praksisen som fører fram til godkjent grunnkurs.

Eldorado

- Det er perfekte forhold for allslags dykking her i området. Det er rett ut sagt eit eldorado - ein av den beste stadene i heile Sør-Norge, seier Navekvien. Det er først og fremst naturen, den under vassoverflata, han siktar til. Dyre- og plantelivet er rikt. Men ein treng heller ikkje reise langt for å finne vrak som kan by på spennande dykk.

Mellom kursdeltakarane var Arvid Langeland (55). Lysta til å dykke har han hatt i mange år, men det er først no han har realisert draumen.

- Alderen er inga hindring. Berre du er i nokolunde form og alt fungerer, går det bra, fortel han.

Reiseliv

Også Svein Inge Fosse (52) var med på kurset. Han dykka «i gamle dagar», og hadde lyst til å ta opp att hobbyen. Som reiselivsmann ser han også eit potensial i dykkinga. Det at ein fagmann som Navekvien går god for Kalvåg-området sine undersjøiske kvalitetar, meiner Fosse er svært lovande. Han vil difor inngå eit samarbeid med dykkarklubben og vere med og utvikle dykkinga vidare som eit reiselivsprodukt.

Johnny Røys er leiar for dykkarklubben i Kalvåg. Han registrerer ei aukande interesse for klubben som no har 17 medlemmer. Mennene er i absolutt fleirtal, men Røys tykkjer det er gledeleg at det alt no har meldt seg fleire kvinner til det neste nybyrjarkurset, som vert arrangert om ein månads tid. Litt seinare skal dei også halde kurs for vidarekomne, opplyser han.

...

– Enkelt og effektivt tiltak for rørslehemma

Lokalnytt Narvesen i Florø er ei av verksemdene som ved enkle grep strekkjer ei hand til kundegruppa som sit i rullestol. Les meir

Debatten går om handel i Florø

Har butikkane i Florø dårleg service og for lite vareutval, eller er utvalet dårleg fordi florøfolk ikkje handlar lokalt? Debatten går på Firdaposten.no!

Les meir og delta i debatten!
...

Fjord1-konsernet:

Har kutta 30 i administrasjonen

Lokalnytt Administrasjonen i konsernet Fjord1 Nordvestlandske er slanka med 30 årsverk. - Ein viktig milepæl for oss, seier konsernsjef Leif Øverland. Les meir

...

Nesten klart for leikeplass

Lokalnytt

Formannskapet tok vel imot planane som no er lanserte for ein leikeplass vest for Flora samfunnshus. Les meir

Fotball Live

lørdag 04. sep. kl. 16:00
Vik - Florø SK

Kampstart om:

2 dager 0 timer 44 min. 52 sek.

Mest lest på Firdaposten.no:

Debatt

Les siste Firdaposten

...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!
...
...

Leier familiebil framfor å eie

Motormagasin Å eie bil kan bli dyrt og kan by på bekymringer. Derfor velger mange leasing. Men hva lønner seg egentlig – eie eller leie bil? Les meir

SKIPSTRAFIKK

...

Følg skipstrafikken på kysten!

På Firdaposten.no kan du følgje skipstrafikken i ytre Sunnfjord.

Sjå skipstrafikken LIVE her!

VIDEOAR:

...

VIDEO: Tuftefotball med Linda Eide

Video Linda Eide kom til Florø med eitt mål i sikte: det andre laget sitt. Men som alle store spelarar trengde også ho oppvarming - på ekte attraksjonsvis. Video: Merete Husmo Høidal.

Les meir

Sjå våre videoar!

Lesarane sine bilde frå fp.origo.no

Vår meining

Kampen om arealet 23.08.2010 - 18:40

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.