– Vindmøller er visuell forsøpling

KALVÅG: Det vil vere ei ulukke for heile Frøya og Kalvåg dersom det vert bygd vindmøller, meiner Kent Vågenes, ein av grunneigarane i området der vindmølleparken er planlagt.

Alf-Haakon H.
Alf-Haakon Harlem Profil E-post
Publisert 23.02.2007 kl 19:19 Oppdatert 23.02.2007 kl 19:31

Tips ein venn på e-post:

...
KJEMPAR MOT VINDMØLLER: Då Kent Vågenes og sambuaren kjøpte eit nedlagt småbruk på Nesje, var målet deira å ta vare på det for ettertida. Dei ser på den planlagde vindmølleparken som eit trugsmål mot natur og miljø. Foto: Alf-Haakon Harlem

Vågenes og sambuaren hans Linn Kristine Hamre kjøpte for to år sidan eit nedlagt småbruk på Nesje, heilt nord på Frøya. Samstundes kom dei også med i eit felleseige som eig eit stort utmarksområde der utbyggjarane vil setje opp seks vindmøller.

Det er seks grunneigarar i felleseiget. Fire vil ha vindmøller, medan to er imot. Vågenes og sambuaren hans høyrer til mindretalet og dei ønskjer ein breiare debatt om vindmøller.

– Vi er svært opptekne med vindmølleproblematikken. Slik planane er presenterte vil vindmøllene verte plasserte på eit platå på ein dei finaste stadane her. Dei kjem då så høgt at dei vil dominere heile øya, ikkje berre området her ved Nesje. Seks vindmøller med vegar fram til kvar einskild og eit eventuelt leidningsnett vil beslagleggje utruleg mykje. Og naturen her er for fin til at vi kan rasere den, seier Kent Vågenes.

Rein ressurs

I tilegg til dei fysiske naturinngrepa og det han ser på som visuell forureining, er han også redd for innverknaden på fugle- og dyreliv. Han viser mellom anna til Smøla der mange havørnar er drepne av vindmøller.

– Men er ikkje vinden ein rein og fornybar ressurs som folk må ha lov til å hauste av?

– Det er sikkert nokon som ser pengar i dette. Men innteninga er kortsiktig av di naturen vert rasert for etterslekta. Og når naturen vert øydelagt kan vi heller ikkje snakke om ein rein og fornybar ressurs. Eit anna moment er at utan statleg støtte vil det ikkje vere økonomisk mogeleg å byggje ut alle vindmøllene. Hadde desse statlege kronene vorte brukte på oppgradering av eksisterande vasskraftanlegg i staden, ville vi fått meir att, seier Våganes.

Han seier vidare at han og sambuaren har lese mykje om vindmøller i seinare tid – og di meir dei les, di sikrare vert det på at ein vindmøllepark på Frøya vil vera feilslått.

Negativt for reiselivet

Heller ikkje med tanke næringsutvikling og etablering av nye arbeidsplassar vil det ha mykje føre seg. Det meste av arbeidet kjem i anleggsperioden som vil strekkje seg over eit års tid, deretter. I driftsfasen er det ikkje mykje arbeid som skal utførast. Det er heller ikkje denne typen næringsutvikling som vil få ungdommen til å bli verande i bygda, meiner han.

Vågenes er tvert om er han redd for negative følgjer for næringslivet. Særleg gjeld det for reiselivet.

– Vi har ein unik og uberørt natur, og det er noko som vert stadig meir verdfullt i ein reiselivssamanheng. indmøllene og i tillegg vegar og høgspentleidningar, vil vera direkte øydeleggjande for reiselivet, seier Vågenes. Han trur også at når ein park på seks vindmøller berre vil vere byrjinga. Når dei er på plass, vil det vere lettare å argumentere for ei vidare utbygging på øya, trur han.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.