FLORØ: Ein tysk minesveipar har gått på grunn ved øya Askrova utanfor Florø.
Den tyske minesveiparen "Grömitz" grunnstøytte 02.15 i natt. Fartøyet, som deltek på ei NATO-øving har ei besetning på 42. Ingen av desse blei skadde i grunnstøytinga.
Redningsskøyta "Platou" og ein slepebåt er framme ved marinefartøyet. Det har førebels ikkje vore dykkarar i sjøen, men når skipet er undersøkt, vil det bli gjort eit forsøk på å trekkje det av grunn, opplyser Hovudredningssentralen på Sola.
Sjekk SKIPSTRAFIKKEN I OMRÅDET via Firdaposten sitt AIS-tilbod.
Det tyske skipet har knust heile varden i skipsleia ved Askrova. Den har berga seg ved at det er ein minesveipar med forsterka skrog. Det er vesentlege skader i baugen på skipet. Den skal truleg trekkast av grunn i 12-13 tida i dag når det er flo igjen.
Det tyske krigsskipet "Narcis" ligg også ved Askrova i påvente av å få kollegane sine trekt av grunn.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar