Starta vindkraftselskap i Bremanger

BREMANGER: No er selskapet Bremangerlandet Vindpark AS oppretta. Det er tufta på optimisme på å kunne drive forretning på sterk vind i området.

Arve Olav Solbakken
Arve Solbakken Profil E-post
Publisert 02.02.2007 kl 13:05 Oppdatert 02.02.2007 kl 13:20

Tips ein venn på e-post:

...
STIFITINGA: . Bak frå venstre: Håkon Sandvik (dagleg leiar Vestavind Kraft AS), Kristin Ankile (prosjektutviklar i Zephyr), Arnar Kvernevik (dagleg leiar Bremangerlandet Vindpark). Framme frå venstre: Olav Rommetveit (daglig leiar Zephyr), Ola Lingås (styreleiar Vestavind Kraft AS). Foto: Pressebilde

Selskapet blei stifta torsdag denne veka. Målet er å utnytte dei dei svært gode vindressursane ved å bygge eit vindkraftanlegg på Bremangerlandet. Det er gode forhold med sterk gjennomsnittsvind og eigna topografi. Vindparken er berekna til å få ein installasjon på 160 MW og vil produsere om lag 500 GWh strøm. Dette tilsvarer straumforbruket til 25 000 husstander.

Bak det nye selskapet står dei to vindkraftselskapa Vestavind Kraft AS og Zephyr AS. Bremangerlandet Vindpark får kontoradresse på Sandane i Sogn og Fjordane.

Styret i det nye selskapet består etter den konstituerende generalforsamlinga av Olav Rommetveit frå Zephyr (styreleder) og Håkon Sandvik frå Vestavind Kraft. Daglig leder for Bremangerlandet Vindpark er Arnar Kvernevik.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

300 har kjøpt den – usett

Motormagasin VW nye småbil starter på 123.400,- Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.