FLORØ: Det spørs om ikkje årets utgåve av Kjippen overskreid ei underlivsgrense. Både i omfang og i uttrykk.
For sjeldan har vi sett så mykje grovkorna og direkte uttrykt genital humor samla i eit opptog,
både i ord og i plastmodellar. Det er nok ei ny tid og ein ny generasjon sitt meir lausslupne frigjorte uttrykk, som sikkert vil føre til interessante diskusjonar blant Kjippen-ekspertisen og lokale trendforskarar i mange år framover.
For her overskugga kjønnsorgan i plastikk det aller meste. Det var forresten eit uvanleg stort opptog. Fleire doningar og fleire deltakarar enn på lang tid, vagga seg halvfulle fram og tilbake gjennom Strandgata i fleire omgangar. Men likevel såpass anstendig at politiet ikkje såg grunn til å plassere ein einaste rusa person i fyllearresten, verken her eller andre stader i Flora denne nyttårsnatta.
Det tek til å verte ei stund sidan det var grunn til å vere ottefulle for framtida til denne så særmærkte Florø-tradisjonen. Også langs ruta stod det bra med folk i den halvfine natta. Så her var det tydeleg at heller ikkje tematikken skremde.
Kanskje med unntak av ei meir bluferdig godt vaksen innvandarbefolkning. Vi observerte mange av dei ute i gata i starten av Kjippen, men såg få av dei vere lenge att under sjølve opptoget.
Kanskje er det den triste utviklinga med for første gong å vere mindre enn Førde, som slår ut. Vi såg det alt på den første plakaten, fremst i Kjippen: «Heng i å p& så vert vi større enn Førde til neste jul».
Genital dominans
På nesten alle felt dominerte det genitale. Som gassferjene til Fjord 1 som hadde for stor bulp til å legge til ferjekaiene. På ein av dei største doningane var ferjeselskapet blitt til Lem1 og ferja til Evnukken, pluss påklistra eit par atskilleg sterkare genitale uttrykk. Her understreka og doningmakarane paradokset med båtar til nesten to milliardar og telefonen til to kroner som aldri blei teken for å forsikre om at dei passa til kaiene.
Vårens parringsakt midt ute i midtsirkelen til kunstgrasbana på stadion, høveleg skildra i Firdaposten, hadde tydelegvis og gjort varig inntrykk. Hans Berstad sitt utspel om nudistbading i Havhesten likeså. Og sukkeret som lukta tåfis, også det ei vel kjent sak i Firdaposten, slapp heller ikkje unna meir snertne genitale vriar.
Innimellom all den kjønslege larmen, vart det vanskeleg å oppdaga meir lågmæte humor som; «Fru Robek», «Dagens kollekt, ei kanne bensin til grasklipparen», eller: «Rottefesten - Florø by skitten & fy».
Hovudpersonen
Den store hovudpersonen i årets Kjippen var likevel tidlegare politimeister Ese som fekk sitt store fall uttrykt med ekstra fyldige bokstavar.
Alt i alt ein minneverdig og grensesprengande Kjippen 2007, som kanskje blir trendsetjande for dei for neste nyttårsopptog i Florø.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar