Svanøy fri laksevernet

FLORØ/OSLO: Førdefjorden vert freda laksefjord, men oppdrettarane på Svanøy slepp frå det med skrekken og kan byrje puste fritt att. Regjeringa set grensa for laksefjorden mellom Flokeneset og Svortevik, inn forbi Svanøy.

Publisert 16.12.2006 kl 13:32 Oppdatert 16.12.2006 kl 13:35

Tips ein venn på e-post:

...
Forslaget til regjeringa inneber at grensa for nasjonal laksefjord blir trekt ved Flokenes. Umrådet rundt Svanøy blir kalla "utreda område".

Dette er i samråd med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si innstilling.

Dermed vert ikkje lakse- og aurekonsesjonane til Steinvik Fiskefarm, Marø Havbruk, Svanøy Havbruk, Karma Havbruk og Karstensen Havbruk kring Svanøy i ytre delar av Førdefjorden berørte.

Flokenes Fiskefarm

Verre er det med familiebedrifta Flokenes Fiskefarm sine fire lokalitetar fordelte på to konsesjonar. Denne verksemda ligg inn forbi den nye grensa og vert råka av laksevernet. Men dei vert ikkje tvangsflytt ut av laksefjorden.

– No må vi sørgje for at forskrifta som skal gjelde blir til å leve med, slik at Flokenes Fiskefarm i framtida kan klare seg, seier Elin Tveit Sveen på Svanøy som i går var splitta kjenslemessig.

– For Svanøy-miljøet sin del kan eg vere letta, men det er kjempetrasig for dei oppdrettarane som vert råka av vernet. Særleg fordi dei nasjonale laksefjordane har så lite å seie for villaksen, påstår Sveen.

Ti nye råka

På landsbasis vert om lag ti nye havbrukslokalitetar i sjø råka når dei nye laksefjordane vert innfasa . Alle dei tre store fjordane i Sogn og Fjordane har vorte nasjonale laksefjordar. I tillegg er Dalsfjorden nasjonal laksefjord.

– Eg er først og fremst veldig skuffa over at regjeringa valde å frede Førdefjorden. Med dette er fylket vårt veldig hardt ramma. Vi har fått alt for mange av dei nasjonale laksefjordane, og eg har medkjensle med dei som vert råka ved Flokeneset, seier Sveen.

Til å leve med

Fiskeri- og havbruksnæringens sin landsorganisasjon (FHL) meiner regjeringa sitt framlegg er til å leve med.

– Sjølv om vi tviler på effekten av arealvern, er forslaget om åtte nye laksefjordar til å leve med for havbruksnæringa samla sett. Vi opplever framlegget som realistisk og løysningsorientert. Men vi beklagar samstundes sterkt at enkelte selskap vert svært hardt ramma av forslaget, seier styreleiar Sveinung Sandvik i FHL havbruk.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.