FLORØ: Frp er kritiske til regjeringas framlegg om å verne Førdefjorden. – Vi kjem til å ta omkamp på denne saka om vi kjem i regjeringsposisjon i 2009, varslar stortingsrepresentant Åge Starheim.
Partiet er opprørte over forslaget om vern av Førdefjorden.
– Å verne Førdefjorden som nasjonal laksefjord vil bety et stort tap av arbeidsplasser, uten at dei fjordverna som allereie er gjennomført har nokon dokumentert positiv effekt for villaksen, seier FrPs Åge Starheim.
Han viser til at i Soria Moria-erklæringa stod det mange lovord om både lokaldemokrati og havbruket si rolle som verdiskapar i distrikta.
– Dette er eit klokkeklart signal om lovorda er lagt bort og at mange arbeidsplassar i Sogn og Fjordane blir ofra for ei symbolsak utan positive effektar på miljøet, seier Åge Starheim, som varslar kamp om saka i Stortinget.
Nye kommentarar