Sildebordsgeneral Arild Melvær var svært godt nøgd med publikumsoppslutnaden under det 15. sildebordet. Brukbart ver og god sceneunderhaldning trekte svært mykje folk til Strandgata fredag kveld.
Statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeridepartementet stod for den offisielle opninga, før The Dubliners drog i gang eit halvtimes sett med irsk folkemusikk. Kampen om sitjeplassane var kanskje større enn på mange år. Fleire hadde benka seg nesten ein time på førehand, for å sikre seg albogerom, sild, poteter og lettøl.
Den nye scena som sildbordskomiteen hadde fått på plass, med hjelp av velvillige sponsorar, var eit skikkeleg løft for arrangementet, og med plasseringa utanfor bankbygget var det god plass for publikum som ville ha med seg både Dubliers, Brandsøykoret og resten av underhaldninga.
Ein god del førdianarar hadde tatt turen til Sildebordet, og Firdaposten snakka også med både sogndøler, eidarar og gjester som hadde teke vegen heilt frå Lærdal og Årdal for å få med seg sildefesten.
Nye kommentarar