FLORØ: Mest imponerande med årets russerevy er at dei har laga alt sjølv, og spelegleda og intensiteten til alle skodespelarane som verka trygge på seg sjølve.
Her var mange klare revytalent. Thomas Orheim Pedersen tok ein pr-kåt Anders Ole Sunnarvik på kornet og triumferte gjennom heile revyen, og Marius Kjellevold som sjefsstrippar, polakk og ein ropande, desperat, nedbroten FSK-trenar Vebjørn Johansen på leit etter katten sin, var eit syn. Stig Odde Roth med sin balansetrygge limbogange som FSK-trenar Jan Ravnestad var det også uråd å ikkje legge merke til. Imponerande gått.
På kvinnesida viste Inger Ane Svardal fin utstråling og scenetekke og kunne vore brukt meir. Vi noterte også eit par litt komplisert sketsjar. Ei massestripping av revyjentene i kvardagsundertøy XL, som rein parodi på vanleg striptease, avslutta med – Var ikkje det der ekkelt, så veit ikkje eg, sagt av Anders Ole Sunnarvik. Og i "Bakvendtland" – der russejentene var den pågåande, oppsjekkande parten, medan gutane var den feminine og tilbakehaldne sida. Artige vriar på kjende og oppbrukte tema.
Sjølvskrive
I årets russerevy var det lite innleigd materiale. Tekstane er skrivne av ei gruppe leidd av dei fem revysjefane Marius Kjellevold, Fride Stephansen, Anette Berg, Stig Odde Roth og Thomas Orheim Pedersen. Sketsjar som "Javel, Herr direktør" og "Billy Elliot" står fjellstøtt. "Javel, Herr direktør" er flott parodi på Helse Førde-sjef Jon Bolstad, utført av Simen Hammerseth:
– Det skal vere forskjell på gull og gråstein, seier Bolstad til assistenten, som får ein sjekk på 600 000 og vert sendt ut for å handle møblar. Assistenten møter retorikaren Carlos Kjelkenes, spelt av Thomas Alsaker, som briljerer med sitt vokabular. Til slutt endar han opp med å tinge møblar frå Ikea og limer på eksklusive merke. Thomas Alsaker parodierte også den lokale musikaren Kurt Arve Liabø på ein fin måte. Kurt Arve Liabø danka ut både Idol-Tone og Oddvar Torsheim i Sogn og Fjordane Music Awards.
Sansa seg sjølv
I ”Billy Elliot” spelar Anders Nydal seg sjølv, då han valde dansen framfor fotballen, og han fortel kva som eigentleg hende då han vart pressa av FSK-trenaren til å legge opp, og "han der oppe" og "han der nede" var heilt einige om at det måtte bli dansen. Også dette ein artig vri.
Heilt Propell2 er vel eigentleg ikkje eit heilt dekkande namn for revyen. For dette var ingen kopi av Florarevyen Heilt Propell. Sjølv om her var meir enn nok stripping. Utspelet frå Sogn og Fjordane Nudistforening om nakenbading i Havhesten har gjeve revymakarane påskot til å la buksene falle så fort sjansen byr seg, og med fleire hormonbomber blant russegjengen gjekk det dampande heitt for seg. Vi såg også sokkane på stellet falle utan at det korkje kan kallast blotting eller nudistbading. Sjølvsagt var det gutane som hadde størst behov for å eksponere seg.
Revybandet
Rock’n roll var det mykje godt av. Bandet med Mats Gulestøl, Lars Andreas Trettevik og Eirik Myrbakk (gitarar), Thomas Lillerovde (bass) og Per Førde (trommer) leverte trøkk ein russerevy verdig, sett saman av kjende klassikarar som ein konsert i seg sjølv. Stemninga i konsertgropa var også god. Smilet og humøret til revygjengen er som sagt det vi hugsar best.
Reint teknisk har årets russerevy ein stykke att til Florarevyen, men dei to revyane stiller strengt teke i ulike klassar. Russerevyen er ungdommeleg galskap. Av det som var mindre godt var avslutninga til "Mission Impossible" og eit liknande stunt, samt eit par sketsjar med håplause, uforståelege poeng. Men det gløymer vi fort.
Elles må vi nemne "Brentpunkt", ein kortfilm der revygjengen kunne avsløre det indre livet blant lærarane på vidaregåande og kva som hende natta då datatjuvar vart tekne på fersken. For tjuveriet var fiktivt for at ein i kollegiet skulle få seg ei stjerne&..
Nye kommentarar