Berre seks kilometer gulstripe att

Når Bremanger 2 er ferdig, vil det vere berre seks kilometer med veg å utbetre fram til ferjeleiet på Oldeide.

Arve Olav Solbakken
Arve Solbakken Profil E-post
Publisert 28.03.2011 kl 11:16 Oppdatert 28.03.2011 kl 11:28

Tips ein venn på e-post:

Mellom Bremanger 2 og ferjeleiet Oldeide - Måløy manglar det no berre seks kilometer med vegutbetring.

Redaktøren meiner

Fylkesordførarane Tom Tvedt (Rogaland), Torill Selsvold Nyborg (Hordaland), Olav Bratland (Møre og Romsdal) og Nils R. Sandal (Sogn og Fjordane) går i bresjen for å få ein ferjefri E39 gjennom heile Vestlandsregionen. Det vil koste kring 100 milliardar kroner å gjere E39 ferjefri mellom Stavanger og Trondheim. I helga gjekk startskotet for prosjektet med eit stort møte i Stavanger.

– Her står vi samla frå kommunar, fylkeskommunar og næringsliv. Alle er klare på at vi skal få dette til. Vi skal vere med på å betale bompengar og ber berre om å få lov til å begynne, seier fylkesordførar Tom Tvedt til NRK.

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa viser til at finansieringa skal vere eit spleiselag mellom private og statlege midlar og påpeikar at prislappen ikkje skal vere noka hindring. Målet er å ha ein ferjefri E39 klar i 2025. Då må prosjektet inn i Nasjonal Transportplan for 2013.

Samstundes pågår arbeidet med å bygge Kystvegen Bergen-Ålesund ut frå fylkesvegmidlar. 45-minuttsregionen i området Flora, Bremanger og Vågsøy er del av den, og det er verdt ei høgtideleg flaggheising at Bremanger 2 no vert gjort heilt ferdig.

Likevel, når ferjefri E39 blir gjort til eit statleg prestisjeprosjekt, så trur vi at den gamle draumen om ferjefri kryssing i ytre Nordfjord kan skrinleggast ein gong for alle. Sats heller på gode ferjetilbod.

Bremanger 2 gir oss veg med gulstripe frå Sørdalen ved Svelgen og heilt til Hunskår aust på Bremanger-landet. Frå utløpet av Skatestraumtunnelen til ferjeleiet Oldeide-Måløy er det berre kring seks kilometer. Dette er eit moderne ferjeleie med overfartstid på kring halvtimen, der ein køyrer i land midt i Måløy sentrum.

Med tanke på alle dei andre vegutfordringane i 45-minuttsregionen, meiner vi at etableringa av eit nytt kostbart ferjeleie på Rugsundøy til Vemmelsvik i Vågsøy kan ofrast. Bygg heller seks kilometer tofeltsveg til Oldeide ferjekai og prioriter å utbetre andre delar av fylkesvegane mellom Flora og Vågsøy.

Mest lese no

...

Mann i 70-åra funnen død i båt ved Stabben fyr

Lokalnytt Politiet fekk 09.58 melding om ein båt som dreiv i ring ved Stabben fyr i Florø. Om bord fann meldar ein livlaus mann. Les meir

...

Førde vann prestisjeoppgjeret

Lokal fotball Førde scora kampens einaste mål i ein kamp som blei overskygga av ein stygg hovudskade på Florø-kaptein Andre Reksten Les meir

...

Irlands største folkrockband til Florø

Lokalnytt 17. mars spelte dei for Obama i Det kvite hus. 15. juni står dei på scena på Haavebua. Les meir

...

Toppoppgjer på stadion

Lokal fotball Sunnfjord-rivalar i storform møtast til klassisk 16.mai-kamp. Blir det ein ny folkefest? Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.