Florø-sjela sikrar stillstand i Strandgata

Publisert 24.02.2011 kl 15:47 Oppdatert 24.02.2011 kl 16:12

Tips ein venn på e-post:

«Florø-sjela sikrar stillstand i utviklinga. I mellomtida byggjer Førde opp ein stadig meir attraktiv by»

Redaktøren meiner

Det manglar ikkje på idear og gode intensjonar om å utvikle eigedommane i Trovik-kvartalet. Det er få saker som har fått meir spalteplass i vår avis dei seinare åra enn forfallet på den legendariske Kake-Bua og bygningane kring. Eigar av Trovik-eigedommane, Sverre Stenbakk, har gitt opp å få til noko etter å ha møtt krav om at bygningane ikkje kan rivast grunna høg kulturhistorisk verdi.

Florø-sjela det gamle arkitektoniske utrykket til området, skal takast vare på. Det er etter vårt syn rett, men det bør kunne opnast for ein kombinasjon med meir moderne uttrykk.

Kulturhageprosjektet og det nye prosjektet til Horne Brygge AS i vestre del av kvartalet, ber i seg håp om at det kanskje kan skje noko konkret snart. Tanken er at dersom det no aktuelle prosjektet til Horne Brygge kjem i gang, så kan det skape ein dominoeffekt og dra med seg utbygging på naboeigedommane også.

Utfordringa er at Horne Brygge må få offentleg godkjenning på at den gamle Horne-bua kan bli demontert og lagra. Vi er samd med styreleiar Tor Jacob Madsen i at det må vere viktigare å ta vare på det arkitektoniske utrykket i området, enn at det skal vere bygd opp av vindsliten fjøler og rusta spikar.

Alternativet til demontering er at Horne-bua blir flytta inn til ei anna sjøbu på naboeigedommen. Og der sit ein eigar som ikkje har sans for ufrivillig domino. Nettopp dette er symptomatisk for det som skjer, eller rettare sagt, ikkje skjer i Florø. Her står interessene til storsamfunnet opp mot lokale eigarar. I mellomtida byggjer nabobyen Førde opp ein stadig meir attraktiv by.

Vi håpar at Horne Brygge no vinn fram med sitt prosjekt og får bygd eit arkitektonisk akseptabelt forretnings- og bustadbygg. Og ingen ting ville vere betre enn om det skulle bli ein dominoeffekt og at det blir realisert i 2012. Men all erfaring viser at det er grunn til å vere skeptisk til om ei utvikling i kvartalet kan sikrast utan at storsamfunnet grip inn, oreignar eigedom og skaper eigarforhold som gir grunnlag for å utvikle kvartalet.

Mest lese no

...

- Driv heksejakt på røykjarane

Lokalnytt Frank Willy Djuvik går kraftig ut mot røykjeforbodet utanfor Samfunnshuset. Kva meiner du? Les meir

...

Varslar null kroner til MGP

Lokalnytt Det kan sjå mørkt ut for MGP i Florø viss utvalsleiar for kultur i fylket, Nils Gjerland (Sp) får rett. Les meir

...

Meiner fiskerikai blir for dyr å bruke

Lokalnytt Fiskarane må punge ut med minst 400 kroner døgnet uansett kor stor båten er. Det gjer fiskarane frustrerte. Les meir

...

Subseastudiet mest populært

Lokalnytt Subseastudiet på Sotra har aldri hatt større pågang enn ved opptaket i år. Dette lovar godt for eit liknande studium i Florø. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.