Kampen om arealet

Publisert 23.08.2010 kl 18:40 Oppdatert 23.08.2010 kl 18:40

Tips ein venn på e-post:

«Sjølv om utfordringane er store, har det trass alt skjedd mykje på arealsida på kort tid.»

Redaktøren meiner

Om du studerer eit kart eller flyfoto over landtunga som Florø ligg på, forstår ein fort kvifor tilgangen på areal kan bli den største hemskoen for framtidig utvikling av Florø-samfunnet. Der ein dels har funne dugande løysingar for bustadbygging gjennom å ta i bruk åsane og samstundes gå for fortetta satsingar i sentrumsnære område, er dette naturleg nok inga løysing når det gjeld utvikling av næringsareal. Det beste biletet på dagens til dels prekære situasjon finn du i nordre oppstigning til Botnaholten, der transportselskapet Bortheim med tungt maskineri, dynamitt og pågangsmot har skote fram si eiga industritomt, i beste kystartilleri-stil.

Laurdag teikna avtroppande Sunnfjord 2020-leiar Øyvind Bang-Olsen biletet over dagens situasjon. Kort oppsummert kan ein slå fast at sjølv om ein del aktørar, og særleg små og mellomstore verksemder, slit med å få lokalisert seg der dei ønskjer, så har ting dei siste åra gått i rekordfart. Ein må mange tiår tilbake i tid for å sjå ei så rask og storstilt utbygging som den vi har opplevd frå 2008 og fram til no.

Så vil mange hevde det er feil prioritering av knappe arealressursar å bruke så mange mål til å lagre røyr på Botnastranda, og at mindre aktørar blir nedprioriterte på kostnad av dei store. Isolert sett forstår vi argumenta. Men vi trur hestehandelen som gav Fjord Base den nye posisjonen innan røyrhandtering vil vise at prioriteringa på lang sikt og i eit større perspektiv var rett.

Kommunen har utfordringar på fleire område framover, og fellesnemnar for fleire av desse er pedagogikk. Overfor SMB-verksemder må Flora faktisk marknadsføre areala på Nesjane i Eikefjord på ein heilt annan måte enn kva som har vore tilfellet i dag, der lokaliseringa blir opplevd som ei «b-løysing». Ei endå større lobby- og pedagogikkøving trengs dersom utvidinga av næringsarealet på Botnastranda skal ete seg vidare austover og bli ein faktor som bebuarane i Brandsøy må forhalde seg til. Også her trengs dialog – og kanskje gulrøter – dersom ei eventuell utviding skal kunne skje raskt og effektivt – slik marknaden tydeleg etterspør.

Mest lese no

...

Vil ha ny runde om åttetalsstien

Lokalnytt Førre gong åttetalsstien rundt Store- og Likkjevatnet var oppe i Bystyret gjekk konfliktnivået i taket. No ønskjer Arbeidarpartiet ta opp saka att, om enn på ein annan måte enn før. Les meir

...

Flytta fjell for å utvikle firmaet

Lokalnytt Han starta i det små i 1993 med ein lastebil. Etter kvart som firmaet utvikla seg, dukka behovet for meir næringsareal opp. Sidan kommunen ikkje kunne hjelpe han, så tok han saka i eigne hender. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.