Narkopolitikk til stryk

Publisert 26.04.2010 kl 16:58 Oppdatert 26.04.2010 kl 16:58

Tips ein venn på e-post:

«Ein lokal rusplan blir først eit godt verktøy den dagen nasjonale planar også er i takt med verkelegheita.»

Redaktøren meiner

Den lokale fagekspertisen er uroa over utviklinga innan narkotikamisbruk i Flora kommune. Ifølgje nestleiar for NAV si avdeling for rus, psykiatri og sosialhjelp, Anita Steinset, er kommunen vår truleg den mest belasta i fylket. Det stiller oss overfor store utfordringar, ikkje minst når det gjeld å koordinere hjelpe- og førebyggingsarbeidet på ein måte der ein får effekt. Vi er samde med Steinset i at ein plan for korleis ein bekjempar problemet og samtidig hjelper dei som er råka, vil vere eit viktig verktøy. Likevel; om vi i Florø skulle kome opp med dei aller beste rusplanane, så vil mykje falle på steingrunn dersom den statlege politikken innan feltet ikkje snart byrjar vise teikn til nytenking.

Vi lever i eit land der talet på narkotikamisbrukarar har auka jamt og trutt sidan 1998. Ifølgje statistikkane var det i 1980 registrert 2000 narkotikalovbrot. I 2008 var talet 40.000. Denne skremmande utviklinga skjer samtidig som det offentlege Norge held fast på «ein nullvisjon» innan narkotikapolitikken, og praktiserer noko av dei tøffaste straffene i heile Europa. I vårt språk er visjonar noko ein skal strekkje seg etter å ha reell moglegheit for ein gong å oppnå. Dei fleste er vel samde i at så ikkje lenger er tilfelle innan problemet narkomani.

Dermed må ein sjå meir pragmatisk på det heile. Det første steget burde vere å avkriminalisere bruk av narkotika. Når spørjeundersøkingar viser at nesten halvparten av Oslo sin befolkning mellom 21 og 30 år har brukt narkotika, så betyr det at ein potensielt skulle kunne straffeforfølge og fengsle halve hovudstadens unge befolkning. Og langt på veg er det det vi held på med. Norske fengsel fløymer over av narkotikadømde, eller personar som er dømd for lovbrot knytt opp mot tjuveri, heleri og anna vinningskriminalitet som følgjer i kjølvatnet av kriminaliseringa av narkomisbruk. I fengsla blir dei godt «skolerte», og held fram sine kriminelle karrierer. Hadde vi evna å bruke pengane på behandling og førebygging, kunne stoda kanskje sett annleis ut. Det bør vere eit varsko når tidlegare høgstrettsdommar Ketil Lund kallar norsk narkotikapolitikk eit tragisk feilgrep og noko han sjølv er skamfull for å ha vore med på.

Mest lese no

...

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Lokalnytt Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen. Les meir

...

Her går det gale for kjettinglaust vogntog

Lokalnytt Utanlandske vogntogsjåførar held fram med å skape vanskar. Les meir

...

God innspurt i billettsalet

Kultur To dagar før MGP-sirkuset tek av i Florø, er det selt rundt 2200 billettar. Les meir

...

Sju trafikkuhell torsdag

Lokalnytt Torsdag var det sju trafikkuhell i Sogn og Fjordane. Eit av desse var i Florø. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.