Politisk arbeid = skulk?

Publisert 24.03.2010 kl 19:56 Oppdatert 24.03.2010 kl 19:56

Tips ein venn på e-post:

«Å hevde at politisk engasjement ikkje kan vege opp for undervisning i fag, er oppsiktsvekkjande.»

Redaktøren meiner

I sin iver etter å vise handlekraft når det gjeld å styrke kvaliteten på den norske skulen, vil Kunnskapsdepartementet no stramme inn elevar sin rett til å bruke nokre få skuledagar i året til politisk arbeid. Dagens ordning har hatt rammer som så vidt gjer det mogleg for politisk engasjert ungdom å ta på seg verv som til dømes leiing av ungdommens bystyre, eller å ta verv i dei politiske ungdomsorganisasjonane. Når ein no strammar inn, er vi overtydd om at ein av konsekvensane blir rekrutteringsproblem til desse viktige ungdomsposisjonane. Sjølv om politikk er spennande, er det neppe mange som er villige til å bli stempla som skoftar som takk for å vise engasjement.

Skal ungdom bli høyrt, slik vaksenverda gjerne formulerer seg i festtalane, må dei sitje i posisjonar. Skal ein sitje i posisjonar og vere premissleverandør til dømes i det lokale politiske ordskiftet, må det leggjast til rette for det. At regjeringa no vil kutte frå 14 til ti dagars fråversrett, kjem som ei overrasking på oss – og tydelegvis på elevorganisasjonane også. Mest uderleg er likevel grunngjevinga, nemleg at ein fryktar ordninga blir utnytta som reine fridagar, eller på godt norsk: skulking.

Vi nektar å tru at skulkeproblemet i norsk skule er særleg knytt til elevar som viser politisk interesse i ung alder – snarare tvert om. Når statssekretær Lisbet Rugtvedt i Kunnskapsdepartementet kategorisk også slår fast at «politisk engasjement ikkje veg opp for undervisning», så er det direkte oppsiktsvekkjane av ei regjering som nyleg har slått fast at ein må knyte tettare band til «utomverda» for betre å førebu dagens unge på arbeidsmarknaden som ventar. Overfører ein tankegongen til andre samfunnsarenaer, kan det vere freistande å spørje Rugtvedt om det også er misbruk av tid å late ein elfag-lærling vere utplassert i ei elektroverksemd?

Heile framlegget frå departementet luktar av ei slags merkeleg form for kollektiv avstraffing, der ungdom som skulkar er problemet, og der ungdom som vil gjere ein forskjell blir skadelidande. Vi vil i så måte minne om at kollektiv avstraffing blei avvikla for ein mannsalder sidan – jamvel på Forsvaret sine rekruttskular.

Mest lese no

...

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Lokalnytt Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen. Les meir

...

Her går det gale for kjettinglaust vogntog

Lokalnytt Utanlandske vogntogsjåførar held fram med å skape vanskar. Les meir

...

God innspurt i billettsalet

Kultur To dagar før MGP-sirkuset tek av i Florø, er det selt rundt 2200 billettar. Les meir

...

Sju trafikkuhell torsdag

Lokalnytt Torsdag var det sju trafikkuhell i Sogn og Fjordane. Eit av desse var i Florø. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.