Om få veker er den sosiokulturelle stadanalysen for Florø klar. Den blir ein av fleire viktige premissdokument på vegen mot ein ny sentrumsplan for Florø, som vonleg er klar i det vi skriv 2012. Men også andre delprosjekt - og ikkje minst korleis desse blir handterte - vil også ha stor betydning for kva utviklingsverktøy sentrumsplanen faktisk blir, den dagen den ligg føre. Eit av desse er diskusjonen kring Florevika Gjestebrygge som tok ei ny vending i bystyret sist tysdag. Her vende dei folkevalde tommelen ned for Flora Hamn, og med det gav dei også si indirekte støtte til dagens gjestebryggeaktørar når det gjeld kva hest det skal satsast på. Flora Hamn ønskte seg fullmakt til å låne fem millionar kroner, for å kunne stable på beina eiga gjestebryggedrift dersom forhandlingane med Stein Kjetil Holvik & Co. skulle strande.
Den komande sentrumsplanen vil ikkje berre handle om gater og hus, men også korleis vi utviklar den maritime innfallsporten til Florø sentrum. Her er bryggeplanane ein viktig del. Når politikarane med ordføraren i spissen hamnar heilt på kollisjonskurs med leiinga i sitt eige kommunale føretak Flora Hamn, så må det vere bekymringsfullt for dei som kryssar fingrane for ein effektiv og rask prosess mot ny sentrumsplan. Korleis vil prosessane bli når det offentlege i neste omgang skal forhandle og diskutere med private grunneigarar med sine kjepphestar og forventningar?
Dessverre styrkjer denne saka biletet av at vi i Florø er gode på å krangle og diskutere, og heller dårlege på å skape utvikling gjennom gode, pragmatiske og rause prosessar, der gi og ta er nøkkelord.
Vi skal ikkje dele ut karakteristikkar eller utrope vinnarar og taparar i denne høgst uheldige konflikten. Men vi vil minne om to ting: At ei levande og kvalitetsmessig god gjestehamn i Florø sentrum vil vere svært viktig for utviklinga av byen vår. Og at reell omdømebygging ikkje skjer i plandokument og festtalar, men i evna til å finne gode, praktiske løysingar gjennom samarbeid, der det ofte er lite plass for kjepphestar og prestisje.