Olje og energiminister Terje Riis-Johansen er snart ferdig med norgesturneen sin langs kysten frå Grenland til Finnmark. Her har han sanka innspel frå samtlege norske offshoremiljø, i forkant av at regjeringa snart går laus på arbeidet med å lage ei ny petroleumsmelding. Den vil vere kjærkomen, for det har snart gått sju år sidan sist styremaktene utarbeidde eit overordna styringsdokument for den stadig viktigare næringa. På dei same sju åra har produksjonen på norsk sokkel endra seg radikalt. Oljeproduksjonen er på hell, gassproduksjonen er i ferd med å nå toppen, og aktørbiletet i offshorenæringa er i ferd med å endre seg raskt, ikkje minst med omsyn til teknologi, miljøutfordringar og talet på aktørar.
Riis-Johansen og regjeringa får to hovudutfordringar med meldinga, slik vi ser det. Det eine er å etterkome Soria Moria-erklæringa, der det tydeleg står fast at vidare utvikling av norsk olje- og gassindustri skal fokusere sterkt på å skape positive ringverknader på land. GDF Suez sin kommunikasjonsdirektør Ulf Rosenberg slo fast i Florø måndag at offshorenæringa har overteke rolla som den viktigaste garantisten for busetjinga i store delar av Distrikts-Norge - både fordi kysten er knutepunktet for all logistikk, men òg fordi ein offshorearbeidar i praksis kan bu kvar han ønskjer - og likevel ha arbeidsplassen sin på norsk sokkel. I den komande petroleumsmeldinga må dette momentet tilleggjast stor vekt, og framtidige aktørar må få tydelege krav, utan store rom for kreative fortolkningar når det gjeld konsesjonar og korleis nye prosjekt skal utviklast og driftast.
Den største utfordringa er likevel miljøaspektet. At verda snubla i klimaforhandlingane i København, gir ikkje olje- og gassnasjonen Norge noko pusterom. Tvert om betyr det at ein må våge å ta grep og gjennomføre dei på eigen kjøl. Og det er liten tvil om at nettopp offshorenæringa vår framleis har eit stort potensial når det gjeld utsleppsreduksjonar. Ny teknologi er vel og bra og heilt naudsynt. Men nærleiken til produksjonsfelta må garantert prioriterast tyngre i framtida. Det er godt nytt for Sogn og Fjordane, som snart har tredjeparten av all offshoreproduksjon liggande like utom stovedøra.