Det nærmar seg to år sidan Firdaposten på leiarplass uttrykte uro for helsetilstanden til norgeshistoria si største velferdsreform, Nav-reforma. Under tittelen «Rusk i Navet» stilte vi spørsmål om våre folkevalde hadde undervurdert kva det kosta av kroner, god førebuing og kompetansebygging internt når eit så omfattande og forpliktande samarbeid mellom tidlegare statlege og kommunale serviceetatar skulle samordnast til brukaren sitt beste.
Sist fredag fekk ein det førebelse svaret, då Nav-reforma var gjenstand for open høyring i Stortinget. Røyndomsbeskrivinga var temmeleg grell. Underbudsjettering, paniske hasteløyvingar undervegs for å ta unna raskt aukande ventelister og mangel på IKT-strategi i forkant av reforma, er berre ein brøkdel av kritikken som har kome. Ser ein på kva utfordringar dei folkevalde med dåverande helsestatsråd Bjarne Håkon Hanssen påla nyskapinga Nav å løyse, kan ein bli svimmel av mindre. Ein skulle etablere 457 nye Nav-kontor, 57 ulike stønadsordningar skulle vidareførast og utviklast, ein skulle etablere eit nytt system for dei med særlege vanskar i arbeidsmarknaden, pensjonsreforma blei innbakt i systemet, helserefusjonsreforma likeins, og oppå det heile kom ordninga med arbeidsavklaringspengar, som skulle erstatte attføring og mellombels uførestønad.
Med dette bakteppet er vi ikkje i tvil om kvar ansvaret for havariet høyrer heime, nemleg hos «reiarane» som sende ei langt frå sjødyktig skute ut på seglas, nemleg reformkåte politikarar. Dei same politikarane hadde klokkartru på at Nav-skuta også skulle losse ein annan gevinst, nemleg nedgang i det politisk brysame sjukefråværet.
No gjekk det ikkje slik, heller tvert om. At trua på at dialog snart kan løyse all verdas utfordringar er feilslått, ser vi òg i ei undersøking som blei presentert sist veke. Den konkluderer med at sjukefråværet faktisk er høgare i IA-bedrifter, og aller høgst på offentlege arbeidsplassar med IA-status.
Det er eit faktum at vi aldri har brukt meir pengar enn i dag på oppfølging av sjukmelde nordmenn.