Tenn opp gasskraftverka

Publisert 25.02.2010 kl 20:52 Oppdatert 25.02.2010 kl 20:57

Tips ein venn på e-post:

«Kva er meininga med å ha gasskraftverk som ikkje kan brukast?

Redaktøren meiner

Kulden held seg, vassmagasina krympar – og straumprisen stig til rekordhøgder. I Trondheim nådde spotprisen 14 kroner kilowattimen ei kort stund i går morgon. Snittprisen for dagen var rundt fem kroner. Det er no tredje gongen i vinter at det er rekordprisar på elkraft i Midt-Norge. Også elles i landet tek det no til å bli dyrare kraft enn godt er. Det kan bli grunnprisar på godt over krona i snitt lenge framover (pluss nettleige og statsavgifter), om dette vêret held seg. Noko det ser ut til at det vil gjere.

Ver og vind kan vi ikkje gjere noko med. Heller ikkje at svenskane slit med å få full drift på kjernekraftverka sine. Men vi kan i det minste fyre opp dei to såkalla mobile gasskraftverka ved ilandføringsanlegget til Ormen Lange på Aukra. Dei kosta så vidt vi hugsar mellom to og tre milliardar kroner å bygge, så kva er meininga med å ha dei ståande når dei ikkje kan brukast i situasjonar som denne? Statsråden vart spurd om dette førre gongen prisen tok laust, men det kom nokre ulne svar om at prisen i seg sjølv ikkje var grunn til å starte «forurensende gasskraftverk». Kva slags «forureining» det kan vere, er ikkje godt å bli klok på. Den kolkrafta vi importerer, ureinar i alle fall vesentleg meir. Sist Statoil opna eit gasskraftverk, vart det teke i bruk straks og dertil utropt til ei stor miljøvinning, noko det også var. Dette var i Tyskland, og alternativet var å bruke endå meir kolkraft.

Kva skjer om vi set i drift dei ledige gasskraftverka i Midt-Norge? Så vidt vi kan forstå ikkje anna enn at folk får tilstrekkeleg straum til ein rimelegare pris, og at vi eksporterer eit par prosent mindre gass til Europas den perioden det står på. For Statoil sin del må det vel vere hipp som happ om dei får betalinga frå norske eller engelske lommebøker?

Men det skulle ikkje forundre oss om einkvan kjem slepande med eitt eller anna forvirrande CO2-argument. Det plar vere greitt å ty til når ein står i beit for ei fornuftig forklaring på merkeleg tiltak i miljøvernet sitt namn. Kanskje er det slike ting energiministeren er redd for å måtte springe i fjernsynet å svare for? Ikkje veit vi, men det er som kjent ikkje mogeleg å brenne gassen meir enn ein gong.

Mest lese no

...

Vil ha kompromiss for Kystvegen

Lokalnytt Hotelleigar Jostein Eimhjellen i Svelgen vil ha endra fjordkryssingsplanane for Kystvegen Ålesund-Bergen. Les meir

...

Selje innfører orkan-trekk i løna

Lokalnytt Selje kommune har bestemt seg for at tilsette som ikkje kom seg på jobb under Dagmar-orkanen, blir trekt i løn. Les meir

...

Kostnadssprekk for Kinnvegen

Lokalnytt Gang -og sykkelvegen kostar dobbelt så mykje som fylkeskommunen har løyvd. - Uaktuelt å vurdere andre alternativ, seier Frank Willy Djuvik i Frp. Les meir

...

Krev ny runde om åttetalsti

Lokalnytt Førre gong åttetalsstien rundt Store- og Likkjevatnet var oppe i Bystyret gjekk konfliktnivået i taket. No ønskjer Arbeidarpartiet ta opp saka att, om enn på ein annan måte enn før. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.