Kalender | ||
Kampstart om:
www.mobil.firdaposten.no
Firdaposten som startside på mobilen? Send Fpm til 2005
På Firdaposten.no kan du følgje skipstrafikken i ytre Sunnfjord.
Sjå skipstrafikken LIVE her!| Svend Arne Vee | |
| Publisert 25.02.2010 kl 15:54 Oppdatert 25.02.2010 kl 15:54 |
I dag står elles sindige og forsiktige bankmenn fram i Firdaposten med klår og tydeleg tale når det gjeld framtida for Strandgata. Kort oppsummert meiner leiinga i Sparebanken Vest at Strandgatas dagar som drivkraft i Florø når det gjeld handel og servicenæring snart er omme, og at årsak og ansvar ikkje ligg hjå det offentlege som tilretteleggar og medspelar, men tvert om hos dei som alltid klagar på kommunen: Hus- og tomteeigarane. Lite skjer, og det vesle som er å spore av utvikling og nytenking innan satsing på næringsbygg, held ikkje på langt nær tritt med krava frå potensielle leigetakarar.
Det er skremmande når banksjef Bjørn Erik Kringstad i Sparebanken Vest knapt får ei handfull tilbydarar når han går ut og søkjer nye lokale for ein så betalingstrygg og langsiktig leigetakar som ein bank vitterleg er. At fleire andre florøverksemder er i same situasjon, forsterkar biletet Kringstad teiknar. Det verste er ikkje at verksemder ikkje får seg nye og meir tidsrette lokale, men at verksemdene har plassmangel fordi dei ønskjer å ekspandere og tilsetje nye hovud. Vi blir med andre ord snytte for sårt tiltrengte kompetansearbeidsplassar fordi vi har for mange eigedomsbesitjarar og for få eigedomsutviklarar. Eit godt bilete på stoda er kanskje det leiaren i Flora Industri og Næringsforening (FIN), Bjørn Hollevik, fortel: Det finst ikkje ei einaste verksemd i FIN som har eigedomsforvaltning eller eigedomsutvikling som hovudgeskjeft. Det er betenkeleg i ein by med ambisjonar om vekst, posisjonering og utvikling.
Dei som i går tok turen til det opne møtet om ny sentrumsplan, i håp om oppmuntring, blei nok også skuffa. Det osar ikkje nett framdrift av prosessen, og dersom FIN-leiar Hollevik har rett i at mange grunneigarar i sentrum no sit endå tyngre på gjerdet enn normalt, i påvente av nye offentlege føringar, så er det verkeleg grunn til å uroe seg.
Eit to års vakuum har ein ikkje råd å koste på seg. Resultatet kan bli at når kommunikasjonane austover om kort tid blir endå opnare og billegare, vil verksemder hamne på flyttefot. Ikkje fordi dei vil, men fordi dei føler dei må.
Fjordsteam trakk mykje folk til Florø sentrum i helga. Alle foto: Olav Hatlemark
Les meir
Under Fjorsteam 2010 var hamna i Florø fyllt til randa av både tilskodarar og gamle veteranskip. Alle foto: Olav Hatlemark
Les meir
Den 4. – 8. august er det Fjordsteam i Florø. Rundt 120 veteranbilar køyrde stolte gjennom sentrum laurdag. Alle foto: Olav Hatlemark
Les meir
Den 4. – 8. august er det Fjordsteam i Florø. Laurdag viste erfarne brannfolk korleis ein redda folk ut frå brennande bygningar i gamle dagar. Ein lett skjelven rådmann vart redda ut frå øvste etasje. Alle foto: Olav Hatlemark
Les meir
FLORØ: Frå torsdag til laurdag denne veka er det duka for sommarrevy i Florø. Foto: Iris Kvellestad.
Sjå bilde her
Fleire hundre menneske var møtt fram for å ta imot dei over 40 båtane som kom til Florø i konvoi i ettermiddag. Alle foto: Olav Hatlemark.
Sjå bilde her
Sjå bileta frå filmsettet i Bremanger. Kristoffer Joner og Are Kalvø er med, samt mange lokale statistar. Foto: Anita Ingebrigtsen
Les meir
Nye kommentarar