Levande bygder treng eit oppegåande landbruk, både med omsyn til matproduksjon og for å hindre attgroinga av kulturlandskapet. Rovdyra har ein plass i norsk fauna, og vi skal ha levedyktige bestandar og forvalte desse for framtida.
Fleirtalet er nok samd i begge påstandane over. Problemet oppstår når ein tek innover seg realitetane, nemleg at den siste gruppa utgjer jegeren og den første byttet, og at mennesket står midt imellom og prøver å føre ein «Ja takk, begge delar»-politikk. Vi har nådd kritiske høgder når det gjeld tap av dyr på utmarksbeite i Norge. Laurdag presenterte Firdaposten tala når det gjeld tap av beitedyr i fylket. Sjølv om tala ikkje har auka dei siste åra i Flora og Bremanger, er tapstala rekordstore i fylket, og det er sider ved utviklinga som uroar bøndene. Når ein bonde kan miste 15 lam på kort tid som følgje av ørnedrap, forstår vi at det er lite motiverande å halde fram med drifta.
I fjor blei det ifølgje Nationen erstatta nesten 55.000 beitedyr som var bekrefta drepne av rovdyr. For å gi eit bilete av kor mykje dette faktisk er: Det utgjer samtlege hjortar skotne under norsk jakt, pluss halvparten av alle elgane. Det er formidable tal som igjen genererer formidable erstatningar frå staten, på opp mot 150 millionar skattekroner.
Så kva er løysinga - og finst det i det heile ei løysing? Alt for fem år sidan påpeikte Mattilsynet at det norske husdyrhaldet med utmarksbeiting som viktig driftsfaktor, er i ferd med å bryte både med norsk rett og EU-rett, som slår fast at «dyr som ikke holdes i bygninger skal, når nødvendig og mulig, beskyttes mot rovdyrangrep». På dei fem åra som har gått sidan Mattilsynet ropte varsku, har rovdyrskadane auka med 22 prosent.
Ingen ønskjer seg tilbake til ei tid der norsk natur var tilnærma rovviltlaus. Dei siste 60-70 åra har ein gjennom vern, aktiv forvaltning og strengare lut mot miljøureining, makta å byggje opp att levedyktige bestandar av rovvilt og rovfugl i Norge. Men det betyr igjen at ein må våge å vere meir offensive når det gjeld å ta ut individ som påfører stor skade, anten problemet heiter jerv eller kongeørn. Samtidig må sauebønder syte for tryggare vårbeite for dyra sine, i den perioden rovviltet gjer dei største innhogga.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir