Så er oversikta over bøndene sine søknader om rovvilterstatning klare. Sjølv om tala ifølgje Nationen er stabile på landsbasis samanlikna med fjoråret, finst det unnatak. Eit av dei er dessverre Sogn og Fjordane, der rovdyrskadene har auka monaleg. Bøndene sine erstatningssøknader aukar frå vel 1200 tapte sauer og lam i fjor, til nesten 2000 i år. I seg sjølv er auken alarmerande, særleg fordi ein i løpet av eit drygt år har tatt ned jervebestanden i fylket med heile 11 dyr, noko som må vere solid rekord. Og med ulv og bjørn fråverande på våre kantar, samt ein marginal gaupebestand, er det liten tvil om at det er høgfjellets mårdyr som er hovudsyndaren bak dei stygge tala.
Dette skapar også ekstra hovudbry for Norge både når det gjeld nasjonale målsetjingar for rovviltbestandar, men også med omsyn til internasjonale forpliktingar, t.d. Bern-konvensjonen. Her har Norge forplikta seg til å oppretthalde såkalla bærekraftige bestandar av alle våre fire store rovviltartar; ulv, bjørn, gaupe og jerv. I det store biletet ville vi truleg vore meir tent med å ta eit overordna ansvar for jerven, fordi Norge i dag husar den kanskje mest livskraftige og dermed viktige jervebestanden. På den andre sida vil dei norske bestandane av ulv og bjørn aldri bli anna enn randsonebestandar av dei russisk/finske/svenske bestandane, og artane er på ingen måte truga i det store perspektivet. Rovdyra kjenner som kjent ikkje til landegrenser og nasjonalstatlege ansvar som både Bern-konvensjonen og andre regelverk legg til grunn.
Men å skulle ta meiransvar for jerven ville uansett bli vanskeleg, ikkje minst med den strukturen Norge har på landbruket sitt. Samtidig blir vår modell ekstra interessant som framtidsstudie, nettopp fordi vi har mykje utmarksbeitande dyr. Nyleg vitja Øystein Dale fylket vårt, og miljø-nestoren teikna eit dystert men høgst reellt perspektiv for befolkningsvekst og matvaretilgong. I framtida må vi i stor grad skaffe kjøtet vårt frå utmarka, meiner Dale, og det vi dyrkar i jorda må gå direkte til menneskeføde om vi ønskjer bærekraftig utvikling til ein stadig større verdsbefolkning.
I eit slikt perspektiv vil både hjort, geit og sau bli langt viktigare innsatsfaktorar i framtida enn kva tilfellet er i dag. Det er dårleg nytt for dei store rovdyra våre. Og ei ekstra kattepine for staten som rovviltforvaltar.
Lokal fotball Førde scora kampens einaste mål i ein kamp som blei overskygga av ein stygg hovudskade på Florø-kaptein Andre Reksten Les meir
Lokal fotball Sunnfjord-rivalar i storform møtast til klassisk 16.mai-kamp. Blir det ein ny folkefest? Les meir