Lat FpU vifte med Israel-flagget

La Erlend Bøe få demonstrere si politiske meining på ein fredeleg og demokratisk måte.

Svend Arne Vee E-post
Publisert 07.01.2009 kl 22:09 Oppdatert 07.01.2009 kl 22:11

Tips ein venn på e-post:

Meiner FpU at Israel handlar rett, skal Erlend Bøe sjølvsagt nytte ytringsfridomen sin og markere dette.

Redaktøren meiner

I ettermiddag står Frp-formann Siv Jensen som den mest prominente talaren når Israel-vener skipar til støttedemonstrasjon for Israel framfor stortinget. Det heile skjer samtidig med at hjarteskjerande bilete går verda over, av sivile lidingar som følge av militærmakta Israel si bombing og påfølgjande bakkeinvasjon på Gaza-stripa. Jensen sitt ja til invitten frå Indremisjonsforbundet, Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem og Med Israel For Fred, får endå sterkare politisk egg ved at leiaren i KrF og uttalt Israel-ven, Dagfinn Høybråten, seier nei til å delta i markeringa som talar. Denne avgjerda har Høybråten fått ros for i fleire media. Etter vårt syn blir det feil, og viser berre at moderne politikk etter kvart handlar meir om medie-timing enn ideologi. Viss Høybråten, til liks med Siv Jensen meiner at Israel sin aggresjon i Gaza er høgst berettiga, burde han stå fram og seie det. Og viss han meiner det motsette, burde han også våge å seie det i klårare ordelag enn kva han gjorde tidlegare i veka.

I morgon blir det skipa til støttedemonstrasjon i Florø for palestinarane i det krigsherja Gaza. Her vil fylkesleiar i FpU, Erlend Bøe, arrangere ein stille motdemonstrasjon til støtte for Israel. Lesarar av firdaposten.no er allereie i full gang med å debattere Erlend Bøe og FpU sitt prosjekt, og fleire ber han halde seg heime. Det bør han i våre auge ikkje gjere. Tvert om bør han bruke ytringsfridomen sin, flagge synspunkta sine, og synleggjere at ungdomspartiet han er fylkesleiar for, støttar moderpartiet i den kontroversielle saka. Då får også veljarar og framtidige veljarar eit godt synleg politisk landskap å navigere i, og kan gjere seg opp godt funderte politiske synspunkt.

At eit stort fleirtal av landets befolkning vil oppleve støttedemonstrasjonar for Israel som hånleg, mangel på empati og fullstendig malplassert, slik situasjonen no er, det blir ein heilt annan skål. Men noko av det første som går tapt i samfunn der menneske blir undertrykte, er nettopp ytringsfridomen. Difor må denne demokratiske retten hegnast om, særleg når frontane blir krasse og krisa rår.

Mest lese no

...

Vil ha ny runde om åttetalsstien

Lokalnytt Førre gong åttetalsstien rundt Store- og Likkjevatnet var oppe i Bystyret gjekk konfliktnivået i taket. No ønskjer Arbeidarpartiet ta opp saka att, om enn på ein annan måte enn før. Les meir

...

Flytta fjell for å utvikle firmaet

Lokalnytt Han starta i det små i 1993 med ein lastebil. Etter kvart som firmaet utvikla seg, dukka behovet for meir næringsareal opp. Sidan kommunen ikkje kunne hjelpe han, så tok han saka i eigne hender. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.