Vil så vel, snublar likevel

Kjetil Bergheim frå Florø har på effektivt vis demonstrert at Firdapostens avrøystingsverktøy på nettavisa som blei brukt i kåringa av «Årets namn», har svakheiter.

Publisert 06.01.2009 kl 12:56 Oppdatert 06.01.2009 kl 13:21

Tips ein venn på e-post:


Redaktøren meiner

Kjetil Bergheim frå Florø har på effektivt vis demonstrert at Firdapostens avrøystingsverktøy på nettavisa som blei brukt i kåringa av «Årets namn», har svakheiter. No kjem det ikkje som noka overrasking på oss, og difor blir systemet heller aldri nytta til anna enn konkurransar og uhøgtidlege, positive kåringar, som «Årets namn» var meint å vere. Når Firdaposten valde å avlyse kåringa etter Bergheims «avsløringar», så skjer ikkje det fordi han har utnytta svakheita i systemet til å røyste på sin kandidat fleire gonger, men fordi han i all sin data-iver også fekk laga eit program som då folk røysta på ein kandidat, også gav stemmer til den kandidaten Bergheim meinte burde vinne. Og det er sjølvsagt langt verre. Det er rein manipulering, ikkje berre av systemet, men også av lesarane som ønskte å delta i kåringa.

At ein over snittet datainteressert ungdom tuklar med nettavisa vår, er heilt i orden. Det har vi opplevd før. Men Kjetil Klakegg Bergheim er leiar av AUF i Sogn og Fjordane. Og personen han sette seg føre å stogge i kampen om å vinne kåringa, er leiar i Unge Høgre, han er bystyrerepresentant i Flora kommune, og han har det siste året vore i tottane på Ap-representant Oscar Bergheim i fleire heite politiske saker. Når Oscar Bergheim er Kjetil Bergheim sin far og partifelle, undrar det oss at Kjetil Bergheim ikkje tenkjer over dette før han gir seg i kast med manipuleringa.

Kjetil Bergheim er ein ung mann som trur mykje. Bakgrunnen for at han starta heile saka er at han trur nokon utnytta systemet for å stemme fram Jacob Nødseth som vinnar. Han trur heller ikkje det ville nytta å gjere Firdaposten merksame på problemet, og han trur at kåringa ville gitt Nødseth store avisoppslag og dermed ein politisk Høgre-gevinst.

Vi skal ikkje tru like mykje som Kjetil Bergheim, men heller stille to spørsmål til AUF-leiaren: Om ein annan kandidat enn Høgres Jacob Nødseth hadde leidd kåringa, ville Kjetil Bergheim lagt like mykje energi i å manipulere avstemminga av Årets namn? Og trur han framgangsmåten hans har styrkt truverdet til Sogn og Fjordane AUF og Flora Arbeidarparti?

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.