Økologisk panikk-innspurt

Svend Arne Vee E-post
Publisert 26.09.2006 kl 20:40 Oppdatert 29.09.2006 kl 15:18

Tips ein venn på e-post:

Ein må spørje seg om tidspunktet for å tenkje volum innan økologisk mat, er det beste.
...

Redaktøren meiner

Norge er eit godt stykke frå å nå målet om at minst 15 prosent av alle norskproduserte matvarer skal vere økologiske. Det magiske talet skal nåast innan 2015, har EU bestemt for Norge.

Landbruksminister Terje Riis-Johansen ønskjer å gå nye vegar for nå øko-måla, og tek til orde for å gjere all norsk sauekjøtproduksjon økologisk. I dette forslaget ligg det ein del viktige prinsipielle endringar.

For det første har økologisk landbruksproduksjon til no vore basert på frivilligheit, både hos matvareprodusenten og hos forbrukarane. Å "økologisere" ei heil næring er ein ny politikk, men om nytenkinga i realiteten er eit løft for sauebøndene og forbrukarane kan diskuterast.

For brorparten av alt sauekjøt som når butikkane kvar haust, er slakt frå årets produksjon, altså lam. Desse dyra har stort sett ikkje gjort anna sidan dei såg dagens fjøslys, enn å gå på utebeite i høgfjell, i skogane våre eller langs kysten. Det skal i realiteten berre kosmetiske godkjenningsgrep til for å kunne stemple denne maten for øko-mat.

Difor liknar prosjektet, som regjeringa vil bruke 150 millionar kroner på, meir som eit teknisk grep for å nå eit EU-krav, enn eit reelt løft for sunnare mat. Dette trur vi også forbrukaren avslører ganske så lett.

For det andre må ein også spørje seg om tidspunktet for å tenkje volum innan økologisk mat er det beste. Det er ikkje mange vekene sidan økomat-aktøren Helios måtte krype til forbrukarane og be om orsaking for at dei i haust har selt tonnevis av eple under falskt flagg. Ein test viste nemleg at epla var fulle av sprøytemiddel, og at kontrollrutinane var så skrale at dette ikkje blei oppdaga før lenge etter at epla både var selde og fortærte.

I staden for å tenkje meir økologisk mat, burde ein difor stramme inn kontrollrutinar og godkjenningsregimet, for å sikre at den maten ein tilbyr kundane som økologisk, faktisk er det.

Viss ikkje risikerer ein at folk på sikt mistrur produkta – produkt som i stor grad er basert på tillit. Einkvar forbrukar kan lett studere eit landbruksprodukt ut frå storleik, fasong, friskheit, osb. Men å sjå om det er sprøytebehandla eller om indrefileten er basert på ein solid dose kraftfôr, det veit berre produsenten og godkjennaren.

Å tukle for mykje med denne næringa som i så stor grad er basert på tillit hos konsumentane, kan vere eit farleg spel.

Mest lese no

...

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Lokalnytt Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen. Les meir

...

Her går det gale for kjettinglaust vogntog

Lokalnytt Utanlandske vogntogsjåførar held fram med å skape vanskar. Les meir

...

God innspurt i billettsalet

Kultur To dagar før MGP-sirkuset tek av i Florø, er det selt rundt 2200 billettar. Les meir

...

Sju trafikkuhell torsdag

Lokalnytt Torsdag var det sju trafikkuhell i Sogn og Fjordane. Eit av desse var i Florø. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.