Ver varsam-plakaten

Etiske normer for pressa (trykt presse, radio, fjernsyn og nettpublikasjonar)

Vedtekne av Norsk Presseforbund første gong i 1936, seinare reviderte i 1956, 1966, 1975, 1987, 1989, 1990, 1994 og 2001.

Publisert 24.09.2004 kl 12:22 Oppdatert 27.09.2004 kl 18:54

Tips ein venn på e-post:


Den enkelte redaktøren og medarbeidaren har ansvar for å kjenne dei etiske normene til pressa, og pliktar å leggje desse til grunn for verksemda si. Presseetikken gjeld heile den journalistiske prosessen, frå innsamlinga til presentasjonen av det journalistiske materialet.

1. Samfunnsrolla til pressa

1.1 Ytringsfridom, informasjonsfridom og trykkjefridom er grunnelement i eit demokrati. Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn.

1.2 Pressa tek seg av viktige oppgåver som informasjon, debatt og samfunnskritikk. Pressa har eit særskilt ansvar for at ulike syn kjem til uttrykk.

1.3 Pressa skal verne om ytringsfridommen, trykkjefridommen og innsynsprinsippet. Ho kan ikkje gi etter for press frå nokon som vil hindre open debatt, fri informasjonsformidling og fri tilgang til kjeldene.

1.4 Pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold. Pressa har plikt på seg til å setje eit kritisk søkjelys på korleis media sjølve fyller si samfunnsrolle.

1.5 Pressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre

2 Integritet og ansvar

2.1 Den ansvarlege redaktøren har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i mediumet

2.2 Den enkelte redaksjonen og den enkelte medarbeidaren må verne om sin integritet og sitt truverde for å kunne opptre fritt og uavhengig i høve til personar eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunnar vil øve innverknad på det redaksjonelle innhaldet.

2.3 Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje ta på seg oppdrag, verv, økonomiske eller andre bindingar som kan skape interessekonfliktar i høve til dei redaksjonelle oppgåvene dei har. Dei må unngå dobbeltroller som kan svekkje truverde deira. Ver opne om tilhøve som kan påverke habiliteten til redaksjonelle medarbeidarar.

2.4 Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje utnytte stillinga si til å oppnå private fordelar

2.5 Ein redaksjonell medarbeidar kan ikkje påleggjast å gjere noko som strir mot hans eller hennar eiga overtyding

2.6 Avvis alle forsøk på å bryte ned det klare skiljet mellom reklame og redaksjonelt innhald. Avvis også reklame som tek sikte på å etterlikne eller utnytte eit redaksjonelt produkt, og som er med på å svekkje tilliten til det redaksjonelle truverdet og den uavhengige pressa

2.7 Gi aldri lovnader om redaksjonelle motytingar for reklame. Det som vert offentleggjort, skal vere eit resultat av ei redaksjonell vurdering. Syt for å halde oppe det klare skiljet mellom journalistikk og kommersiell kommunikasjon også ved bruk av peikarar og andre koplingar

2.8 Det er i strid med god presseskikk å la sponsing påverke redaksjonell verksemd, innhald og presentasjon

2.9 Redaksjonelle medarbeidarar må ikkje ta mot pålegg om oppdrag frå andre enn den redaksjonelle leiinga

3 Journalistisk åtferd og forholdet til kjeldene

3.1 Pressa styrkjer truverdet sitt ved at kjeldene for informasjon vert identifiserte, med mindre dette kjem i konflikt med behovet for å verne kjeldene

3.2 Ver kritisk i valet av kjelder, og kontroller at opplysningar som vert gitt, er korrekte.

Dersom det vert brukt anonyme kjelder, må det stillast særlege krav til kjeldekritikken

3.3 Det er god presseskikk å gjere premissane klare i intervjusituasjonar og elles i høve til kjelder og kontaktar

3.4 Vern om kjeldene til pressa. Kjeldevernet er eit grunnleggjande prinsipp i eit fritt samfunn og er ein føresetnad for at pressa skal kunne fylle samfunnsoppgåva si og sikre tilgangen på vesentleg informasjon

3.5 Gi ikkje opp namnet på kjelda til opplysningar som er gitt fortruleg, dersom dette ikkje er uttrykkjeleg avtalt med vedkomande

3.6 Av omsyn til kjeldene og til at pressa skal vere uavhengig, skal upublisert materiale som hovudregel ikkje utleverast til utanforståande.

3.7 Pressa har plikt til å gi att meiningsinnhaldet i det som vert brukt av utsegner frå intervjuobjektet. Direkte sitat skal givast att presist

3.8 Endring av utsegner som er gitt, bør avgrensast til korrigering av faktiske feil. Ingen utan redaksjonell myndigheit kan gripe inn i redigering og presentasjon av redaksjonelt materiale

3.9 Opptre omsynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen.Vis særleg omsyn overfor personar ein ikkje kan vente er klar over verknaden av det dei uttalar til pressa. Misbruk ikkje andres kjensler, kunnskapsløyse eller sviktande dømmekraft. Hugs at menneske i sjokk eller sorg er meir sårbare enn andre.

3.10 Skjult kamera/mikrofon eller falsk identitet skal berre brukast i unntakstilfelle. Føresetnaden må vere at dette er einaste utvegen for å avdekkje forhold som har vesentleg samfunnsinteresse

4 Publiseringsreglar

4.1 Legg vekt på å vere sakleg og på å vise omtanke i innhald og presentasjon

4.2 Gjer klart kva som er faktiske opplysningar, og kva som er kommentarar

4.3 Vis respekt for menneskes eigenart og identitet, privatliv, rase, nasjonalitet og livssyn. Framhev ikkje personlege og private forhold når dette ikkje vedkjem saka.

4.4 Sjå til at overskrifter, tilvisingar, ingressar og inn- og utannonseringar ikkje går lenger enn det er dekning for i stoffet. Det er god presseskikk å gi opp kjelda når opplysningar er henta frå andre medium.

4.5 Unngå førehandsdømming i kriminal- og rettsreportasje. Gjer det klart at skuldspørsmålet for ein mistenkt, meld, sikta eller tiltalt først er avgjort ved rettskraftig dom. Det er god presseskikk å omtale ei rettskraftig avgjerd i saker som har vore omtalte tidlegare

4.6 Ta omsyn til korleis omtale av ulykker og kriminalsaker kan verke på offer og pårørande. Identifiser ikkje omkomne eller sakna personar utan at dei næraste pårørande er varsla. Vis omsyn overfor menneske i sorg eller ubalanse

4.7 Ver varsam med bruk av namn og bilete og andre klare identifikasjonsteikn i kriminal- og rettsreportasje. Vis særleg omtanke ved omtale av saker som er under etterforsking, og i saker som gjeld unge lovbrytarar. Identifiser ikkje når det ikkje er nødvendig for å tilfredsstille rettkomne informasjonskrav

4.8 Når barn vert omtalte, er det god presseskikk å ta omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet. Dette gjeld også når føresette har gitt sitt samtykke til eksponering.Identiteten til barn skal som hovudregel ikkje røpast i familietvistar, barnevernssaker eller rettssaker

4.9 Sjølvmord eller sjølvmordsforsøk skal som hovudregel ikkje omtalast

4.10 Ver varsam med bruk av bilete i andre samanhengar enn den opphavlege

4.11 Vern om truverdet til det journalistiske fotografiet. Bilete som vert brukte som dokumentasjon, må ikkje endrast slik at dei skaper eit falskt inntrykk. Manipulerte bilete kan berre aksepterast som illustrasjon når det går tydeleg fram at det dreier seg om ein montasje

4.12 Det gjeld dei same krava til aktsemd for bruk av bilete som ved skriftleg og munnleg framstilling

4.13 Feilaktige opplysningar skal rettast og eventuelt unnskyldast snarast råd

4.14 Dei som vert utsette for sterke skuldingar, skal så langt det er råd, ha høve til å imøtegå faktiske opplysningar samtidig. Debatt, kritikk og nyheitsformidling må ikkje hindrast ved at partar ikkje er villige til å uttale seg eller medverke til debatt

4.15 Dei som vert utsette for angrep, skal så snart råd, få høve til å svare, med mindre angrep og kritikk går inn som ledd i ei løpande meiningsutveksling. Tilsvar skal ikkje utstyrast med redaksjonell, polemisk replikk. Ha som krav at tilsvaret har rimeleg omfang, held seg til saka og har ei anstendig form

4.16 Ver varsam med å opprette peikarar frå digitale utgåver til innhald som bryt med god presseskikk. Syt for at peikarar til andre medium eller publikasjonar er tydeleg merkte. Det er god presseskikk å informere dei som bruker interaktive tenester om korleis publikasjonen registrerer og eventuelt utnyttar bruken av tenestene.

4.17 Dersom redaksjonen vel å ikkje førehandsredigere digitale meiningsutvekslingar, må dette gjerast kjent på ein tydeleg måte for dei som har tilgang. Redaksjonen har eit sjølvstendig ansvar for å fjerne innlegg som bryt med god presseskikk så snart som råd. Ord og bilete er mektige våpen, misbruk dei ikkje!

ENDRINGER I VÆR VARSOMPLAKATEN FRA 1.1.2002.

Norsk Presseforbunds styre har 28. november 2001 vedtatt en revidert Vær Varsom-plakat og Tekstreklameplakat. Endringene trår i kraft 1. januar 2002. Endringene er markert med halvfet skrift.

VÆR VARSOM-PLAKATENS UNDERTITTEL OG INGRESS

Etiske normer for pressen (trykt presse, radio, fjernsyn og nettpublikasjoner)

Vedtatt av NORSK PRESSEFORBUND

Første gang i 1936, senere revidert i 1956, 1966, 1975, 1987, 1989, 1990, 1994 og 2001.

Den enkelte redaktør og medarbeider har ansvar for å kjenne pressens etiske normer og plikter å legge disse til grunn for sin virksomhet. Presseetikken gjelder hele den journalistiske prosessen, fra innsamling til presentasjon av det journalistiske materialet.

KAP. 1. PRESSENS SAMFUNNSROLLE

1.4. Det er pressens rett å informere om det som skjer i samfunnet og avdekke kritikkverdige forhold. Det er pressens plikt å sette et kritisk søkelys på hvordan mediene selv fyller sin samfunnsrolle.

KAP. 2. INTEGRITET OG ANSVAR

2.1. Den ansvarlige redaktør har det personlige og fulle ansvar for mediets innhold.

2.3. Redaksjonelle medarbeidere må ikke ha oppdrag, verv, økonomiske eller andre bindinger som kan skape interessekonflikter i forhold til deres redaksjonelle oppgaver. De må unngå dobbeltroller som kan svekke deres troverdighet. Vis åpenhet om forhold som kan påvirke redaksjonelle medarbeideres habilitet.

2.7. Gi aldri tilsagn om redaksjonelle motytelser for reklame. Det som offentliggjøres, skal være et resultat av en redaksjonell vurdering. Sørg for å opprettholde det klare skillet mellom journalistikk og kommersiell kommunikasjon også ved bruk av pekere og andre koplinger.

KAP. 3. JOURNALISTISK ATFERD OG FORHOLDET TIL KILDENE.

3.9. Opptre hensynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen. Vis særlig hensyn overfor personer som ikke kan ventes å være klar over virkningen av sine uttalelser. Misbruk ikke andres følelser, uvitenhet eller sviktende dømmekraft. Husk at mennesker i sjokk eller sorg er mer sårbare enn andre.

KAP. 4. PUBLISERINGSREGLER

4.3 Vis respekt for menneskers egenart, privatliv, rase, nasjonalitet og livssyn. Fremhev ikke personlige og private forhold når dette er saken uvedkommende.

4.4. Sørg for at overskrifter, henvisninger, ingresser og inn- og utannonseringer ikke går lengre enn det er dekning for i stoffet. Det er god presseskikk å oppgi kilden når opplysninger er hentet fra andre medier.

4.8. Når barn omtales, er det god presseskikk å ta hensyn til hvilke konsekvenser medieomtalen kan få for barnet. Dette gjelder også når foresatte har gitt sitt samtykke til eksponering. Barns identitet skal som hovedregel ikke røpes i familietvister, barnevernsaker eller rettssaker.

4.16. Vær varsom med å opprette pekere fra digitale utgaver til innhold som bryter med god presseskikk. Sørg for at pekere til andre medier eller publikasjoner, er tydelig merket. Det er god presseskikk å informere brukere av interaktive tjenester om hvordan publikasjonen registrerer og eventuelt utnytter bruken av tjenestene.

4.17. Dersom redaksjonen velger ikke å forhåndsredigere digitale meningsutvekslinger, må dette bekjentgjøres på en tydelig måte for de som har adgang til disse. Redaksjonen har et selvstendig ansvar for så snart som mulig å fjerne innlegg som bryter med god presseskikk.

REVISJON AV TEKSTREKLAMEPLAKATEN

5. Ta ikke inn annonser og annet kommersielt materiale i journalistiske tekster og bilder på en slik måte at det klare skillet mellom reklame og redaksjonelt innhold svekkes. Pekere og andre former for koplinger fra redaksjonelle områder til kommersielt materiale og annen ikke-redaksjonell informasjon skal være redaksjonelt begrunnet og tydelig merket.

6. Unngå ukritisk videreformidling av PR-stoff. En særlig aktsomhet og kildekritisk vurdering er nødvendig når redaksjonen mottar tips og materiale fra profesjonelle informasjonsleverandører. Dersom redaksjonen publiserer tekst, bilder, grafikk, lyd- eller videoopptak som er hentet fra PR-materiell, skal det gjøres oppmerksom på dette.

VEDTEKTSENDRINGER – PRESSENS FAGLIGE UTVALG

§ 1

Pressens Faglige Utvalg er opprettet av Norsk Presseforbund og har til formål å overvåke og fremme den etiske og faglige standard i norsk presse (trykt presse, nettpublikasjoner, radio og fjernsyn)&..

Kompetanseområdet for Pressens Faglige Utvalg omfatter i prinsippet alle massemedier.

§ 5, 5. ledd

I utgangspunktet kan alle klage. Dersom klager ikke er identisk med den eller dem saken gjelder, skal det som hovedregel innhentes samtykke fra disse. Når særlige forhold tilsier det, kan PFU bestemme at klagen behandles uten at samtykke er innhentet. I slike saker skal PFU samtidig drøfte om det skal gjøres unntak også fra hovedregelen om offentlighet i § 6.

Tillegg i § 6, 2. ledd

For elektroniske medier skal fellende eller kritiske uttalelser publiseres slik at sannsynligheten blir størst mulig for at de som hørte eller så den innklagede artikkel eller innslag, også hører eller ser uttalelsen. Det er god presseskikk å lagre felte artikler eller innslag på en slik måte at brukere som henter dem fra arkiver, også blir gjort oppmerksom på uttalelsen.

§ 8

Disse vedtekter trådte i kraft 15. mars 1972 og er senere revidert 1. desember 1976, 21. november 1984, 2. desember 1987, 17. juni 1992, 11. november 1992, 22. november 1995, 9. juni 1997, 19. juni 1998, 31. mai 2000, 22. juni 2001 og 28. november 2001. (Ikrafttredelse 1. januar 2002).

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.