Kva tenkte du på, Kåre Olav?

Bidra på Kystpuls:

...

Bidra på Kystpuls:

  • Legg inn bilde på Kystpuls: Bilde
  • Lag ei heimeside/blogg - enkelt og gratis!: Lag ei sone

Fotball Live

lørdag 11. sep. kl. 17:00
Tromsø - Brann

Kampstart om:

9 dager 1 timer 44 min. 4 sek.

Firdaposten på mobilen?

www.mobil.firdaposten.no

Firdaposten som startside på mobilen? Send Fpm til 2005

Vår meining

...

Følg skipstrafikken på kysten!

På Firdaposten.no kan du følgje skipstrafikken i ytre Sunnfjord.

Sjå skipstrafikken LIVE her!
Svend Arne Vee E-post
Publisert 17.09.2004 kl 14:18 Oppdatert 17.09.2004 kl 20:46

Tips ein venn på e-post:

For kort tid sidan fekk Bente Frøyen Steindal og ordførarkollegaen hennar Kåre Olav Svarstad ei oppfordring frå Nasjonalbiblioteket og ei foreining som kallar seg 07-06-05: Set dykk ned og skriv eit brev til komande generasjonar. Til dei som lever om hundre år, og prøver å sjå tilbake for å forstå kva vi tenkte på, drøymde om og strevde med hausten 2004, eit halvt år før vi feira 100-årsjubileumet for lausrivinga frå Sverige. Om 100 år, i 2105, skal breva opnast i Nasjonalbiblioteket, og våre ungar sine barnebarn får sjansen til å studere tekstane.

Dette må vere litt av ei oppgåve for ein ordførar! Gjennom å fortelje kva ein gjekk rundt og tenkte på i 2004, skal Bente og Kåre Olav få framtidas sunnfjordingar til å forstå kvifor vi gjorde som vi gjorde og levde som vi levde den gongen for hundre år sidan. Kvar skal ein byrje? Kva skal dei ta med, og kva må ordførarane utelate? Skal ein gi råd til dei framtidige generasjonane – eller skal ein heller be om orsaking for alt det gale vi stelte i stand, vel vitande om at vi burde gjort annleis? Eksisterer tittelen ordførar i det heile tatt i 2105 – eller må ein forklare kva lokaldemokratiet ein gong hadde slags mandat? Kanskje må ein jamvel forklare ordet lokaldemokrati. Spørsmåla er mange når Kåre Olav og Bente i desse dagane grip til tastaturet. Men ei spennande oppgåve må det vere.

Eg har smugtitta litt på dei ivrigaste ordførarane, dei som alt har tatt seg tid til å skrive hundreårsbreva sine og lagt dei ut på internett. Det som slår meg er kor audmjuke dei er og kor alvorleg dei har tatt oppgåva. Her skriv dei om feilgrepa våre med omsyn til miljø. Somme peikar på at vi kunne verdsett familieverdiane høgare og motarbeidd oppløysingstendensane i samfunnet. Andre innrømmer at dei føler seg avmektige og fråsprungne av den teknologiske utviklinga. Nokre ordførarar skriv som angrande syndarar om kor materialistiske vi har blitt, og dei tek avstand frå jaget etter stadig nye ting, ting og atter ting (i alle fall på papiret). Ein av ordførarane går jamvel så langt at han ber om orsaking for at han og hans generasjon brukte opp for mykje av det fossile brenselet. Her blir også skrive mykje om krig og uro. Om flyktningpolitikk og behov for meir medkjensle og toleranse. Om at vi alle må ta betre vare på kvarandre – og ære vere ordførarane for det.

Kjensla eg sit att med etter å ha lest ein bunke av hundreårsbreva er todelt. For det første må unge lesarar om vel hundre år sitte att med nokre nesten usvarlege spørsmål: Korleis kunne den tids menneske, som hadde opplevd ei så rivande velstandsutvikling dei føregåande hundre åra, vere så problemfikserte og bekymra? Dei framstår jo som dei reinaste hengehovuda! Evna dei ikkje å gle seg over noko av det dei trass alt bidrog til å gjere betre?

Om ein går 100 år tilbake, i staden for fram, til 1905, rusla nordmannen trass alt rundt som borgar i eit lutfattig land, styrt av ein svenskekonge, allmenn stemmerett eksisterte ikkje, og kosten bestod stort sett av sild og poteter. Det må då vere litt grunn til å slå seg på bringa til oldeborna våre og seie "Sjå her, sjå kva vi fekk til! Visst kosta det både i form av naturressursar, miljøskadar og andre offer, men vi løfta landet til å bli eitt av dei beste land å bu i i heile verda. Vi tok steget inn i oljealderen. Vi bygde skip som rådde verdshava – og vi utdanna verdas beste ingeniørar. Vi var først ute med å ta likestilling på alvor, og vi produserte den sunnaste og reinaste maten i verda!"

Etter kvart som eg les, får eg også eit brennande ønske om at ordførarane som no er utfordra gjennom Nasjonalbiblioteket, må tore å vere like fulle av sjølvransaking og ærlegheit som dei er i hundreårsbreva sine. Eg ønskjer at dei skal stå like oppreiste og forfekte det same på torgplassar, i fjernsyn og til lokalaviser i valåret vi no går inn i. Kvifor skal dei få vere meir ærlege mot generasjonar som ikkje er fødde, enn dei er mot dagens veljarar? Hadde politikarane teke med seg hundreårsbrev-tenkinga inn i valkampen, kunne vi verkeleg ha fått verdidebatten som folkevalde etterlyser i festtalar – men gløymer i kvardagsdonten.

For kva ville dei eigentleg ha å tape, anna enn eit skarve ordførarsete? Eller i beste fall ein forgjengeleg plass i Stortinget? Og kva betyr så det? Om 100 år er det uansett gløymt, og alle dei vi trudde var uunnverlege, ligg på rekkje og rad på kyrkjegarden, medan verda merkeleg nok haltar sin skeive gang vidare.

Det er dei andre som uansett skal felle dommen over oss. Då nyttar det lite med ærlege bekymringsbrev på gulna papir, om ikkje samfunnet dei arva ber preg av at vi som levde "den gong då" torde å ta grep og gjere ting annleis.

...

– Enkelt og effektivt tiltak for rørslehemma

Lokalnytt Narvesen i Florø er ei av verksemdene som ved enkle grep strekkjer ei hand til kundegruppa som sit i rullestol. Les meir

Debatten går om handel i Florø

Har butikkane i Florø dårleg service og for lite vareutval, eller er utvalet dårleg fordi florøfolk ikkje handlar lokalt? Debatten går på Firdaposten.no!

Les meir og delta i debatten!
...

Fjord1-konsernet:

Har kutta 30 i administrasjonen

Lokalnytt Administrasjonen i konsernet Fjord1 Nordvestlandske er slanka med 30 årsverk. - Ein viktig milepæl for oss, seier konsernsjef Leif Øverland. Les meir

...

Nesten klart for leikeplass

Lokalnytt

Formannskapet tok vel imot planane som no er lanserte for ein leikeplass vest for Flora samfunnshus. Les meir

BILDE: Folkeliv på Fjordsteam

...

Fjordsteam trakk mykje folk til Florø sentrum i helga. Alle foto: Olav Hatlemark

Les meir

BILDE: Veteranbåtar på Fjordsteam

...

Under Fjorsteam 2010 var hamna i Florø fyllt til randa av både tilskodarar og gamle veteranskip. Alle foto: Olav Hatlemark

Les meir

BILDE: Veteranbilar på Fjordsteam

...

Den 4. – 8. august er det Fjordsteam i Florø. Rundt 120 veteranbilar køyrde stolte gjennom sentrum laurdag. Alle foto: Olav Hatlemark

Les meir

BILDE: Brannaksjon på Rådhusplassen

...

Den 4. – 8. august er det Fjordsteam i Florø. Laurdag viste erfarne brannfolk korleis ein redda folk ut frå brennande bygningar i gamle dagar. Ein lett skjelven rådmann vart redda ut frå øvste etasje. Alle foto: Olav Hatlemark

Les meir

BILDE: Sommarrevyen Lett Bris'n

...

FLORØ: Frå torsdag til laurdag denne veka er det duka for sommarrevy i Florø. Foto: Iris Kvellestad.

Sjå bilde her

BILDE: Fjordsteam-flåten i hamn

...

Fleire hundre menneske var møtt fram for å ta imot dei over 40 båtane som kom til Florø i konvoi i ettermiddag. Alle foto: Olav Hatlemark.

Sjå bilde her

BILDE: Filminnspeling "Hjelp, vi er russ"

...

Sjå bileta frå filmsettet i Bremanger. Kristoffer Joner og Are Kalvø er med, samt mange lokale statistar. Foto: Anita Ingebrigtsen

Les meir
...

Alt om jubileumshelga

Florø 150 år: Her kan du sjå våre bildesamlingar og saker om jubileumshelga.

Platearbeidaren Ro@ld:

...
Terningkast: 5

RILEY

Platearbeidaren “Grandma's Roadhouse” Les meir

Nasjonal Timesannonsering - Klikk her!

Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.