Næringslivsmagasin for Sogn og Fjordane.
I oktober 2011 var avisene Firda og Firdaposten ute med første utgåve av
magasinet 2F, vår nye, felles satsing med fokus på næringsliv og vekst i
Sogn og Fjordane. Avisa er svært godt motteken, og vi har mellom anna
motteke bestilling på fleire klassesett til den vidaregåande skulen.
Magasinet vart også lagt tilgjengeleg på heimesidene til avisene, og vart
lasta ned heile 6950 gonger.
No er det klart for nytt nummer. Denne utgåva vil ha hovudtema energi
og det vert kommentarar og nyhende rundt vasskraft, vindkraft, småkraft,
fjordvarme, havkraft, LNG og stoff om framtidas energiformer. Sårbarheit,
koordinering og beredskap vil nok òg bli sentralt etter Dagmar, og
miljøaspekta kring utbygging vil ha ein naturlig plass.
Avisa vert distribuert til alle husstandar og verksemder i heile fylket, med
eit opplag på 43 000 eksemplar. I tillegg vil avisa også denne gongen bli
lagt ut som bladbar utgåve på firda.no og firdaposten.no. Alle som har
registrert seg på framtidsfylket.no vil få avisa tilsendt elektronisk,
dvs. omlag 2500 personar.
Annonsestorleikar (breidd x høgd i millimeter)
1/4 side (212×71 eller 103×147) kr 17 000,-
1/2 side (212×147 eller 103×299) kr 13 000,-
1/1 side (212×299 eller 245×340 utfallande) kr 24 000,-
Bakside (212×299 eller 245×340 utfallande) kr 30 000,-
Produksjonstillegg kr 1,- per millimeter (ikkje for ferdigmateriell).
Alle prisar inkl. farge, eks. mva.
Vi planlegg 4 nummer i 2012.
Dato for utgåvene er
23/2, 26/4, 20/9 og 15/11.
Har du tips til saker, send oss gjerne dette på e-post til:
redaksjon@firda.no eller redaksjon@firdaposten.no og merk
emnefeltet med Næringslivsavis.
Link til forge 2F
http://issuu.com/firdamedia/docs/2foktober2011
