Sportsleg bokfest i Svelgen

SVELGEN: Johanna Midttun stilte seg fremst i køa og sikra seg tre eksemplar då praktboka til Svelgen Turn- og Idrettsforening vart lagt ut for sal torsdag ettermiddag. – Bøkene er julegåver til ungane mine, fortel ho.

Publisert 29.11.2003 kl 13:22 Oppdatert 29.11.2003 kl 13:26

Tips ein venn på e-post:

...
PERSONANE BAK: Utan f.v. Tor Zachariassen, Olav Ommedal, Frank Ryland, Arne Loftheim og Geir Gjerde, inga STIF-bok. Dei har lagt ned eit omfattande arbeid gjennom mange år.

Johanna Midttun har sjølv vore svært aktiv i idrettslaget i Svelgen, og er ei av mange eldsjeler som har fått namnet sitt i den nye historieboka, som følgjer laget frå stiftinga hausten 1930 og fram til tusenårsskiftet. Både som symjeinstruktør i ei årrekkje, og instruktør for dametrimmen i heile 22 år, samt innehavar av ei rekkje tillitsverv, har ho lagt ned mykje arbeid for Svelgen Turn- og Idrettsforening. I 1989 vart ho utnemnd til einaste kvinnelege æresmedlem i laget.

Heider til eldsjeler

Det var langt frå berre Johanna Midttun som kjøpte praktboka til STIF under lanseringsfesten på Svelgen Hotell torsdag ettermiddag. Bøkene gjekk unna som varmt kveitebrød, nærare 80 bøker skifta eigar på under ein time.

– Dette er ein stor dag for STIF, vi har greidd å samle 70 år av laget si historie, og boka er blitt eit praktverk vi kan vere stolte av. Men arbeidet har ikkje gjort seg sjølv. Utan Arne Loftheim, Tor Zachariassen, Olav Ommedal og Geir Gjerde i sogenemnda, og forfattar Frank Ryland sin enorme innsats, hadde vi ikkje hatt denne boka. I denne samanhengen må vi også nemne Selja Forlag, som har gjort bokprosjektet mogeleg, sa Ørjan Forthun, leiar i STIF, då han helsa bygdefolket velkomne.

Ikkje berre eit oppslagsverk

Torkjell Djupedal i Selja Forlag kvitterte med å takke for oppdraget, og for godt samarbeid gjennom heile prosessen.

– Det er ikkje mange idrettslag som har ei slik bok, sa han mellom anna.

Olav Ommedal fekk deretter ordet, og fortalde om arbeidet i sogenemnda, slik det også er gjengjeve i føreordet i boka.

– I første rekkje er boka ein heider til dei svært mange som på ein eller annan måte er knytte til idrettsrørsla i Svelgen, både aktive, trenarar, tillitsvalde og alle andre som har gjort ein innsats til beste for idrettslaget. Likevel er den ikkje berre eit oppslagsverk for STIF-medlemer, men også eit verdfullt bidrag til dei som er interesserte i levevilkåra i og utviklinga av lokalsamfunnet, sa han mellom anna.

Premiering

Dei aller fleste som deltok på bokfesten torsdag, hadde kledd seg i treningstøy og sportsutstyr, slik oppmodinga var i invitasjonen frå arrangørkomiteen, og naturleg nok var det dei grønkledde som dominerte festlyden. Mein ein og annan skilde seg ut, som Dagfinn Ask i dommaruniform og Britt Gulestøl i judodrakt. Dei to var også kandidatane då kveldens mest komplette antrekk skulle kårast, og her var det Gulestøl som trekte det lengste strået. Ho var aktiv i judogruppa, som berre eksisterte i nokre få år på byrjinga av 1980-talet. Juryen, samansett av Ørjan Forthun, Monica Renate Larsen og Leo Cirotzki, kåra også det mest fantasifulle antrekket, og her var det to og eit halvt år gamle Simen Svarstad i fotsid fotballdrakt som sjarmerte seg til førstepremien.

Mest lese no

...

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Lokalnytt Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen. Les meir

...

Her går det gale for kjettinglaust vogntog

Lokalnytt Utanlandske vogntogsjåførar held fram med å skape vanskar. Les meir

...

God innspurt i billettsalet

Kultur To dagar før MGP-sirkuset tek av i Florø, er det selt rundt 2200 billettar. Les meir

...

Sju trafikkuhell torsdag

Lokalnytt Torsdag var det sju trafikkuhell i Sogn og Fjordane. Eit av desse var i Florø. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.