FLORØ: Då det har vore stor kor aktivitet i sentrum har Brandsøykoret vegra seg for å halde konsertane i Florø. No har dei blitt innstendig oppmoda og set opp ein utvida konsert basert på suksessen i vår laurdag.
Koret i frå bydelen samla fulle hus i Brandsøy i vår og kravet om nye konsertar har pressa seg fram frå ulike hald. Kravet blir innfridd på Flora Samfunnshus laurdag.
– Vi har forandra litt frå vårkonserten. I hovudsak er det blitt ei forlenging av repertoaret der vi har skote inn noko Frank Sinatra og evigungt stoff med Beatles, seier talskvinne for Brandsøykoret Ingvild Førde Torvanger. Ho legg også til at dei populære Abba-songane er noko dei har lagt meir vekt på i den nye oppsetjinga. Vi vil også få høyre fleire duettar og solonummer i haustversjonen.
– Vi har tidlegare vegra oss for å halde konsertar i Florø, då det stadig har vore mykje som har skjedd på samfunnshuset. Denne gongen blir det noko anna då vi har innstendig blitt oppfordra til å opptre, avsluttar Ingvild Førde Torvanger. Laurdag opptrer dei på eigahand for første gong på Flora Samfunnshus.